Køyrde av vegen: Ei jente på ein moped skal ha hamna i grøfta for å unngå å kollidera med ein buss søndag.

Diskusjon mellom førarar etter at éin av dei hamna i grøfta

Situasjonen skal ha funne stad nær Mobergsbrua søndag kveld.

Politiet opplyser i ein e-post at ei jente i ein mopedbil måtta køyra ut i grøfta like etter Liafjellstunellen i retning Bergen, for å unngå å kollidera med ein buss.

Bussen skal ha køyrd forbi henne, men måtte svinga inn framfor henne fordi det kom ein bil i motgåande køyrefelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bussen skal ikkje ha køyrd i rute.

— Det blei ein diskusjon mellom førarane, og fornærma ville ta kontakt med politiet på dagtid over helga, dersom ikkje dei involverte kom til semje, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Tidlegare søndag blei det gjennomført trafikkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

— 20 førarar blei kontrollerte for promille, ingen utslag. Ti forenkla førelegg grunna for høg fart, der høgaste hastigheit var 95 km/t, skriv Lyssand.