Gjorde alt rett: - Denne eleven gjekk i karantene då symptoma starta og har gjort alt rett, seier ordførar Trine Lindborg

– Eleven gjekk i karantene då symptoma starta og har gjort alt rett

Det seier ordførar Trine Lindborg etter at det vart påvist smitte på Nore Neset ungdomsskule i dag.

Ein elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19. Som følgje av dette må 68 elevar, sju lærarar og to lærarstudentar i karantene fram til og med 6. mars. Smittevegen er førebels ukjend. Alle dei 77 nærkontaktane vil bli testa i morgon.

Les også
68 elevar ved Nore Neset ungdomsskule må i karantene

Fram til testresultatet er klart, må òg husstanden til nærkontaktane vere i såkalla ventekarantene. Ved negativ test kan dei andre husstandsmedlemmene gå ut av ventekarantenen, men nærkontaktane sjølve må vera i karantene til og med 6. mars, presiserer kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om ikkje alle 9.-klassingane er rekna som nærkontaktar og sett i karantene, vil det ikkje bli undervisning for 9. trinn før vinterferien. Elevane skal difor ikkje møta på skulen i morgon.

– Kommunen og rektor ved Nore Neset ungdomsskule følgjer opp den smitta eleven, elevane på trinnet og dei tilsette, opplyser kommunen.

Føresette til alle nærkontaktane blir torsdag kveld oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.

– Det er ingen grunn til å tru at elevar eller tilsette på dei andre trinna ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet, og dei kan difor møta på skulen som vanleg i morgon, opplyser kommunen.

– Dette er ein veldig lei beskjed å få rett før vinterferien. Ekstra tungt er det for elevane og familiane som kanskje hadde planlagt å reise vekk, og som no må halde seg heime i karantene i staden. Eg forstår veldig godt at dette kjennest både kjedeleg og urettferdig, men det er ingen som ønskjer å setja andre i denne situasjonen, kommenterer Lindborg og held fram:

– Denne eleven gjekk i karantene då symptoma starta og har gjort alt rett. Vi kan alle bli smitta - og smitta andre. No må vi må rett og slett berre halda ut og ta vare på kvarandre i ein lei situasjon, seier Lindborg.