Tore Kleppe nådde ikkje heilt opp i konkurransen om "Norges hyggeligste håndtverker", men i lag med Jon Ole Johannessen, Karsten Røttingen, Hilde Strønen Røttingen, Solfrid Vernøy og kona Anette Hjelle Gjerde blir det likevel feiring. ñ No skal me ha champis, så blir det ut å gjera Oslo utrygg, seier Tore.
Tore Kleppe nådde ikkje heilt opp i konkurransen om "Norges hyggeligste håndtverker", men i lag med Jon Ole Johannessen, Karsten Røttingen, Hilde Strønen Røttingen, Solfrid Vernøy og kona Anette Hjelle Gjerde blir det likevel feiring. ñ No skal me ha champis, så blir det ut å gjera Oslo utrygg, seier Tore.

– Fantastisk oppleving for ei målar frå Os

Tore Kleppe nådde ikkje heilt opp i «Norges hyggeligste handtverkar», men er strålande nøgd med å ha fått delta i finalen.

– For ei målar frå Os har dette vore store greier. Du veit eg elskar jo litt liv og leven, og det har det absolutt vore, fortel Kleppe på telefon frå Oslo.

Os-patrioten og målaren i Os kommune var plukka ut til finalen i konkurransen som ein av totalt 22 handtverkarar. Berre det var stas nok i seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var mange flinke folk som var meldt inn til denne konkurransen, så berre å koma til finalen var ein liten siger, fortel han.

Nest mest stemmer

Finalerunden i konkurransen gjekk av stabelen i samban med Boligmessa i Telenor Arena i Oslo no laurdag.

Handtverkar-konkurransen, som vart arrangert for andre året på rad av bransjen sjølv, hadde arrangementet sitt på hovudscenen i Arenaen.

– Det var godt med folk og stor stemning. Sjølvsagt var det litt kjipt å ikkje nå opp, men eg furtar ikkje av den grunn eg, ler Kleppe på umisskjenneleg vis.

Til den siste finaledelen ropte arrangøren opp sju handtverkarar frå sju kategoriar.

– Då dei ropte opp ei målar frå Sandefjord, skjønte eg at løpet var køyrd, fortel Kleppe.

Før finalerunden hadde Kleppe nest mest stemmer. Det betydde dessverre lite.

– Ikkje anna enn at eg set pris på alle som har brydd seg om å stemma meg fram. Det tel jo ein del, det også, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inspirasjon

Vinnaren av heile konkurransen var tømraren Terje Gangstø frå Arna.

– Ein veldig fin kar. Det var alt i alt berre flotte flinke folk som var stemt fram. Verkeleg ein ære å ha vore stemt fram i lag med desse folka, seier Kleppe.

– Dette var eit godt slag for handtverkar-yrket. No reiser eg heim til Os og gler meg over å ha så mange flotte kollegaer over det ganske land. Me skal stå vidare på for yrket vårt, lovar Kleppe.

– Kva skjer no?

– No blir det champis, me kan jo ikkje lata han stå berre fordi eg ikkje vann. Så er det bytur i lag med venegjengen frå Kuventræ. Oslo blir utrygg i kveld, ler Tore.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no