Heng trygt: Bjarte Andersen er glad for at hjartestartaren utanfor Catten får hengja trygt, slik at han kan vera til bruk for folk på Øyro.

Får stadige takkehelsingar for hjartestartar-initiativet

— Hjartestartaren gjev folk ein tryggleik, både på dag- og kveldstid, seier Bjarte Andersen.

Tre månader etter at Catten-eigar Bjarte Andersen gjekk til innkjøp av hjartestartaren som heng utanfor utestaden hans på Osøyro, får han framleis godord og helsingar for initiativet.

Les også
Investerer i utandørs hjartestartarar til Os sentrum

— Både på dag- og kveldstid gjev det folk ei viss kjensle av tryggleik å ha denne tilgjengeleg her på gata. Me var heilt medvitne på at me ville hengja han på utsida av veggen og ikkje innsida. Hjartestartaren er for alle, ikkje berre for oss og kundane våre på huset her, seier Bjarte Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at han har sendt eigne tilsette på kurs i korleis bruka hjartestartaren, og at dei i så måte er trena i korleis handtera han om nokon får eit alvorleg hjarteproblem.