Representantar frå kommunen og andre som ønskte å vitja Skjelbreid Poirée-hytta fekk kaffi og kake på femårsdagen.
Representantar frå kommunen og andre som ønskte å vitja Skjelbreid Poirée-hytta fekk kaffi og kake på femårsdagen.

Feira fem år i drift

15. juni feira Skjelbreid Poirée-hytta fem år. - Businessen går bra, seier dagleg leiar Synnøve Austestad.

Kaffi og kaker blei servert til representantar frå kommunen, og andre som ville ta del i feiringa, då hytta fylte år 15. juni.

- Korleis har det gått med verksemda dei første fem åra?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Businessen går bra, og vi har jamnt belegg fordelt over heile året, seier Austestad.

Tilpassar seg marknaden

I januar tilsette dei sin eigen kjøkensjef. Difor har dei i dag større fleksibilitet når det gjeld typar arrangement.

- Vi tek imot alt frå kveldsmøte til kurs som strekkjer seg over fleire dagar, og konferansar. Hovudmålet er å leggja forholda til rette for eit optimalt opphald for kvar enkelt gruppe.

Dagleg leiar Synnøve Austestad, og Liv Grete Skjelbreid. (Arkivfoto)
Dagleg leiar Synnøve Austestad, og Liv Grete Skjelbreid. (Arkivfoto)

Businessen går bra, men dei får også merka den generelle nedgangen i marknaden.

- Men vi tilpassar oss dagens marknad, og legg til rette for kundens ønskjer.

Auke i lokale gjestar

Gjestar på Skjelbreid Poirée kjem får heile landet, men hovudsakleg frå Vestlandet.

- Den siste tida har det vore ein auke i lokale gjester, noko vi synest er ei positiv utvikling, seier Austestad.

OM SKJELBREID POIRÉE:

Artikkelen held fram under annonsen.

Hytta på 1000 m2 er bygd og tilrettelagt for konferansar og selskap.

Hytta har 15 rom med i alt 30 sengeplassar.

Liv Grete Skjelbreid, Raphaël Poirée, Ann-Elen Skjelbreid og Egil Gjelland står bak anlegget.

Premiesamlinga deira er utstilt i hyttas peisstove: 51 VM-medaljar, sju OL-medaljar, fem krystallkular som bevis på samanlagtasigar i verdscupen, og seks kongepokalar.