Elevane har halde tre lokale strender reine i løpet av skuleåret 2016/2017.
Elevane har halde tre lokale strender reine i løpet av skuleåret 2016/2017.

Fekk AHA-oppleving av stranda kval

Då kvalen full av plastposar stranda på Sotra, skjønte elevane ved Søre Fusa oppvekstsenter kor viktig prosjektet deira var.

Då den sjeldne Gåsenebbkvalen stranda på Sotra full av plastsekkar gjekk det opp eit lys for elevane ved Søre Fusa oppvekstsenter.

- Elevane hadde sett korleis plast frå menneske påverkar t.d. albatrossane i sørishavet. Men når me ser at dyreliv blir påverka på den måten som kvalen på Sotra, vert det så mykje nærare, seier rektor Britt-Marie Gjerde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både rektor og lærarar skjønte at prosjektet dei hadde valt i «Den naturlige skolesekken» var svært godt tima. Temaet dei hadde valt for skuleåret var nemleg marin forsøpling.

- Det vart ei stadfesting på det me har jobba med heile året. At det betyr noko. Lærar Jarle Malkenes utnytta situasjonen godt og viste klassane kor mykje 30 plastposar eigentleg er, seier Gjerde.

Refsa butikk som seldetannkrem

Fleire av elevane har vorte tydeleg engasjert av problematikken dei har lært om på skulen, og vore nøye med å la andre få vita om problemet.

- Mellom anna var det nokre elevar som besøkte ein nærbutikk og såg gjennom innhaldsforteikninga. Der fann dei at ein av tannkremane inneheldt stoffet PEG-12 som er ei kjelde til mikroplast. Så gjekk dei til innehavaren av butikken og sa at det ikkje var bra å selja den, fortel rektor.

Ho har også høyrt historier om elevar frå andre skular som har fått høyra om marin forsøpling gjennom dei ivrige fusingane.

- Det er ikkje alle som har like god kjennskap om dette temaet som det me no har fått. Og elevane har tydelegvis gjeve ei lita førelesing for dei som ikkje veit noko om temaet, småler ein godt nøgd rektor.

Har halde tre strender reine

I nærleiken av skulen ligg det tre strender: Steinavikjo, Breivikjo og Granen. Desse tre har blitt saumfart av elevane ved skulen.

- Desse tre strendene har me følgt nøye med på. Blant anna har me gått ut og sett kva som har skjedd med dei etter uvêr. Kjem det nytt søppel inn med stormen? Slike ting har me sett på, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er desse dei tre truleg dei reinaste strendene i heile Fusa. Og rektor fortel at dei også vil delta på Fusa kommunes innsamlingsaksjon.

- Me har blant anna sett oss ut stranda ved Nordtveit. Der kan du sjå kor ille det er når ingen går og plukkar. Fleire har vore heilt rysta over korleis den ser ut, fortel Gjerde.

Dato er ikkje bestemt enno, men søppelet på Nordtveit strand går uansett ei utrygg framtid i møte.