Oppdaga: – Ein lærar oppdaga at nokon hadde tent på ein boksliknande gjenstand. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Fekk melding om branntilløp ved Os barneskule

Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Kl 16:21 tysdag mottok politiet melding om branntilløp ved Os barneskule.

– Ein lærar oppdaga at nokon hadde tent på ein boksliknande gjenstand. Dette var medan SFO var open. Læraren fekk sløkt brannen. Politiet var på staden og vil oppretta sak, opplyser vakthavande politi.