Uhell: Vegen var stengd ein periode etter trafikkuhellet ved Lysekloster kapell.

Fersk sjåfør køyrde av vegen

Det var ei jente i slutten av tenåra som køyrde av vegen på Lysekloster torsdag kveld.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 23.35 torsdag kveld. Ein bil hadde køyrt av vegen og ut på eit jorde i 50-sona nær Lysekloster kapell.

Les også
Lyseklostervegen stengd etter ulukke

Det var ingen andre bilar involvert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren, ei jente i slutten av tenåra, kom uskadd frå hendinga. Ho bles til 0 i promille.

Det var materielle skader på bilen og eit gjerde på stedet.

Politiet har oppretta sak, men har ikkje teke beslag i førarkortet.

Dette er tredje utforkøyringa på to dagar i Os-området. I dei to andre sakene har politiet teke beslag i førarkortet.

Les også
Skal ha vore tre gonger i autovernet før han køyrde av vegen på Søfteland
Les også
Førarkort beslaglagt etter at bil sklei av vegen i Sørstrøno