Ulukke: Trafikkulukke ved Er-An.

Fire bilar involverte i kjedekollisjon

Det skriv politiet på Twitter.

Klokka 16.43 blei det meld om ei trafikkulukke ved Er-An. Tre bilar skal ha vore involverte.

110 Hordaland opplyser om at fire bilar skal vera involverte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest politidistrikt opplyser at det snakk om påkøyrsel bakfrå. Det er ikkje meld om alvorlege personskadar. Alle involverte skal vera vakne og medvitne.

Oppdatert: Det skal ha vore til dels store materielle skader på bilane. Det blir opplyst at ulukka skjedde på Bahus, nord for Er-An. Trafikken går som normalt.