Slik kan det gå: Dette er årsaka til at ein aldri skal la vaskemaskina, tørketrommelen eller liknande el-apparat gå når ein ikkje er til stades.

Flammane stod ut av tørketrommel: Politiet kjem med åtvaring

Brannvesenet og politiet rykte ut, men huseigar fekk kontroll på situasjonen sjølv.

I 16.30-tida onsdag, rykte brannvesenet og politiet ut då dei fekk melding om ein tørketrommel der flammane stod rett ut. Dette var nord for Os sentrum.

— Huseigar fekk sjølv kontroll og bar tørketrommelen ut av huset, så i dette tilfellet var huseigar heime — heldigvis. Det er utruleg skummelt å setja på slike elektriske apparat og forlata huset. Det hender folk gjer det, men det bør absolutt ikkje skje, seier Anne Lyssand i politiet.