Skremmande: Unge jenter fortel at kontakten med mennene, og det at dei får pengar, er spanande. – Det er skremmande, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Fleire foreldre har oppdaga at menn har teke kontakt med deira mindreårige jenter

Etter at det førre veke blei sett fokus på at menn «kjøper» unge jenter gjennom sosiale medium, har fleire foreldre teke kontakt med politiet.

Politiet opplyste sist fredag om eit nytt fenomen. Menn bruker appen «Yubo» til å koma i kontakt med unge jenter. Samstundes skreiv Bergensavisen om ein sjokkbeskjed på eit foreldremøte. Der kom det fram at jenter på barneskulen byter seksuelle tenester mot dyre jakkar.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor opplyser at fire foreldre sidan fredag har teke kontakt om saker som var ukjende for politiet. Dei går alle på det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som skjer, slik jentene sjølve forklarer det, er at dei er på Yubo (sjå faktaboks i botn av saka). Der lagar dei seg ein profil og legg ut bilete av seg sjølv. Der får dei førespurnader, gjerne frå fleire menn, om å bli lagt til på Snapchat. Så startar dei å chatta. Dei sender telefonnummeret sitt til mennene, og får betaling. I starten kan dei få mindre beløp, først for å leggja dei til, og så for andre ting. Det desse jentene ikkje har forstått, er at dei på eit eller anna tidspunkt skal måtta yta noko tilbake for desse pengane dei har fått, seier Lyssand.

Slik startar «grooming»

Vidare fortel Lyssand at det er slik «grooming» (sjå faktaboks) startar. Det skal vera snakk om mange jenter.

Grooming

Grooming er eit uttrykk som blir brukt om tilfelle der ein vaksen person opprettar kontakt med eit barn med mål om å møta barnet og forgripa seg på barnet. Ein framgangsmåte er at den vaksne tek kontakt med eit barn i eit ope forum, for så å prøva å få kontakten til å skje direkte mellom dei i eit lukka nettverk, f.eks. på Facebook eller Skype. Den vaksne vil ofte få barnets telefonnummer slik at dei også kan ha kontakt via sms. Ved å læra barnet å kjenna, får den vaksne barnet sin tillit og legg slik til rette for eit fysisk møte.

«Grooming» er ei straffbar handling som går ut på at ein vaksen person avtalar eit møte med eit barn for å gjere eit seksuelt overgrep. Grooming er straffbart med ei strafferamme på inntil eitt år i fengsel.

Før partane møtest, vil den vaksne ofte dreia samtalen over til emne av seksuell karakter. Forsking viser at overgriparane ofte vel ut ofre som er svært sårbare, og overgriparen er ofte barna sin einaste nære «ven».

I dag får stadig yngre born tilgang til å bruka internett. Grooming kan skje på alle nettstader som tilbyr chat-tenester, dette gjeld for eksempel også gjennom populære spel på mobiltelefon og internett.

Kjelde: Overgrep.no

– Eg har ikkje heilt oversikt over eksakt kor mange det gjeld. Det eg kan seia, er at det er to jenter frå Os, som har kome så langt at det ikkje berre har vore kontakt digitalt. Dei har møtt ein mann i byen. Det er også to jenter som har gjort avtale om å møta ein mann. Ein av desse mennene har vi identifisert. Han andre har vi mykje informasjon om, og kjem nok til å identifisera han ganske snart. Han som er identifisert er i 20-åra. Han andre er 30–40 år gamal, om ein skal døma ut frå bilete og video, fortel Lyssand.

Lokale saker med 14 år gamle jenter

– Kor gamle er jentene som er involverte?

– Dei er 14 år gamle. Går i 9. klasse, seier Lyssand.

Ein ting som går att i samtaler med jentene, er at dei gjer dette fordi det er spanande.

– Dei ser ikkje konsekvensen av kva dei er med på. Det er skummelt. For foreldra er det heilt annleis, sjølvsagt. Dei ser kva det er snakk om, og kva slike menn kan få seg til å gjera. Som eg har sagt før, det er så utruleg viktig å følgja med på kva borna gjer, snakka med dei om kva som er greitt og ikkje greitt og følgja med på kva dei brukar pengar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yubo

Yubo (tidlegare kjend som Yellow) er ein type sosiale medium som har fokus på det å finna nye venar og auke den sosiale kretsen på internett.

Appen har mellom anna ein funksjon som minner om Tinder, der ein kan sjå gjennom profilbilete og korte profilvideoar til andre personar. Deretter kan ein sveipa til venstre for å forkasta ein foreslått brukarprofil eller sveipa til høgre for å leggja til ein ny person som ven. Ein kan også søkja etter spesifikke brukarnamn for å leggja til nye personar i kontaktlista.

Motparten må også sveipa deg til høgre før de hamner i kontaktlista til kvarandre.

Yubo har også funksjonar for:

Livestream. Der ein kan sjå andre filma seg sjølve der og då. Og ein kan filma seg sjølv og senda det ut på internett slik at andre kan sjå.

Chat med venar der ein kan senda tekst og bilete.

Chat i grupper.

Videonettprat med venar (privatchat der framande ikkje kan sjå på og kommentera – krev kjøp av abonnement).

Er ein over tretten år, kan ein oppretta konto med samtykke frå foreldre. Framgangsmåten er likevel den same anten ein er over 17 år eller under. Ein må ikkje tasta inn foreldra sin e-postadresse eller noko liknande slik at foreldre til born under 17 år blir varsla om at ein konto er oppretta med deira samtykke.

Vêr obs på at alle, inkludert vaksne, kan oppretta ein brukar og lyga på alderen slik at dei får tilgang til ungdomens del av Yubo. (Yubo sine brukarar er fordelte på to rom med anten ungdom eller vaksne (frå 18 år).

Kjelde: Barnevakten.no