Har fått mange førespurnader: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier han har fått mange førespurnader frå folk som har utsett arrangement fordi dei vil ha med familie som bur på ein annan kant av landet.

Folk kan delta i dåp og konfirmasjon på tvers av kommunegrenser

Regjeringa opnar for at folk kan delta i arrangement som dåp, konfirmasjon og bryllaup på tvers av kommunegrenser.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier han har fått mange førespurnader frå folk som har utsett arrangement fordi dei vil ha med familie som bur på ein annan kant av landet.

Les også
Neste steg i gjenopninga av Noreg blir 27. mai – slik blir reglane då

– Då har eg ei god nyheit til dei. Regjeringa endrar rådet om ikkje å samla personar på tvers av kommunegrenser i arrangement, til at vi oppmodar til varsemd, seier Ropstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bur du i ein kommune med lågt smittenivå, kan du delta i eit arrangement i ein kommune med tilsvarande nivå, seier han.