Hegglandsdalsvegen: Det var på Hegglandsdalsvegen at eit køyretøy køyrde på ein hjort torsdag kveld, ifølgje politiet.

Førar skal ha kome uskadd frå samanstøyt med hjort

Fekk melding om påkøyrd hjort torsdag kveld.

Torsdag kveld i 21.30-tida fekk politiet melding om ein samanstøyt mellom eit køyretøy og ein hjort i Hegglandsdalsvegen.

— Føraren var uskadd. Hjorten blei kanskje skadd i ein fot. Køyretøyet fekk nokre skader på skjerm og frontlykt. Ingen airbag utløyst, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv ho at viltkontakt blei varsla og skulle følgja opp vidare.

Torsdag ettermiddag frå kring klokka 12.15 gjennomførte politiet ein laserkontroll på Halhjemsvegen i 70-sona retning Halhjem.

— Resultatet blei ti forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 87 km/t, skriv Lyssand.