Knud Knudsens søster Martha Tokheim 1870-tallet.
Knud Knudsens søster Martha Tokheim 1870-tallet.

Fotopionér i senioruniversitetet

Dei fleste har sett bilde som er tatt av Knud Knudsen (1832-1915), men lite har vore kjent om fotografen sjølv. Måndag 5. desember inviterer Os Senioruniversitet til foredrag om fotopionéren.

Knud Knudsen var den første fotografen som reiste over heile landet og tok bilde, og arkivet etter han utgjer ei av Noregs viktigaste fotosamlingar. I tillegg til reisinga veksla han mellom å driva fotoforretning i Bergen og å vera fruktdyrkar på heimegarden Tokheim i Odda.

Forfattar Lisbeth Dreyer og filmskapar Skule Eriksen har fordjupa seg i Knudsens fotosamling og ein bunke ukjende brev som dei fann på eit loft. Gjennom boka «Knud Knudsen album» og filmen «Album» har dei framkalla både livet til Knud Knudsen og tida han levde i. Dei fortel om arbeidet med boka og filmen, og vi får sjå den 35 min lange dokumentarfilmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skule Eriksen har arbeidd med dokumentarfilm i over 30 år og har mottatt ei rekke internasjonale prisar. Lisbeth Dreyer er opphavleg filmskapar, men har dei seinare åra konsentrert seg om å skriva bøker. Ho har gitt ut ei rekke illustrerte barnebøker og biletbaserte bøker for vaksne.

Møtet blir avslutta med lunsj for dei som har meldt seg på til dette.

Os Senioruniversitet

Olav Søfteland