Kjem attende?: Terje Søviknes har verv både i fylkestinget og kommunestyret. I tillegg er han nestleiar i Frp.

Frp går ut av regjering: Terje Søviknes ferdig som statsråd

Måndag vart det klart at Frp går ut av regjeringa. Det betyr at partiets statsrådar må erstattast.

Frp har sju statsrådar i regjeringa. Mellom desse er eldre- og folkehelseminister Søviknes, som vart utnemnd som statsråd så seint som 18. desember 2019.

Søviknes har verv både i fylkestinget og kommunestyret. I tillegg er han nestleiar i partiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er både vanskeleg og rart. Eg føler jo eit visst ansvar for denne nye kommunen, og eg var veldig motivert til å vera ordførar. Men når det no ikkje lèt seg gjera, er det kanskje aller best at eg trekkjer meg litt unna. Eg ser den, sa Terje Søviknes i eit portrettintervju med Os & Fusaposten på nyåret og la til at:

– Eg trur på mange måtar det er best at ikkje eg sit som ein betrevitande sjuande far i huset i det nye kommunestyret. Det er nok av tøffe utfordringar framover. Då kan det vera greitt om Trine (Lindorg) og dei får fred og ro til å koma i gang med arbeidet, utan meg der.

No spørst det om han går attende til plan A som var å «halda på med lokal- og fylkespolitikk, samstundes som han skulle engasjera meg meir i det organisatoriske arbeidet i Frp sentralt".

Les også
Portrettet: – Eg trur alle er tente med at eg ikkje blir sitjande som sjuande far i huset

Avgjerda om å gå ut av regjering var offentleggjort på ein pressekonferanse måndag ettermiddag, der partileiar Siv Jensen gjekk gjennom sakene Frp har fått gjennomslag for i si tid i regjering.

– Dette er det einaste rette å gjera. Me får rett og slett ikkje gjennomførd nok av Frps politkk til at det er verdt å gå på nye nederlag, sa Jensen.

Me har ikkje lukkast i å få tak i Søviknes, men kjem attende med meir.