Samling: Naudetatane er på plass på staden.

Funn av død person: — Vi fekk melding rett før halv ti

Det er i kveld gjort funn av ein død person i Banktjørno.

Søndag kveld fekk Os & Fusaposten melding at det var blålys og mykje som skjedde mellom Banktjørno og Kiwi Idrettsvegen.

På Byvegen stod oppstilt fleire bilar frå naudetatane, og inne i skogen ved vatnet ei samling av politi, brannvesen og helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, fortel til Os & Fusaposten at det litt før klokka halv ti kom inn ei melding om funn av ein død person.

— Så vil det nok bli spekulert i kven dette er. Men det er for tidleg å seia noko om, seier Kolltveit.