Etter tips: Etter tips stoppa Statens vegvesen ein rumensk semitrailer med svært tung last på Halhjem kai.

Hadde 14.500 kg for mykje med seg - fekk gebyr på 86.950 kroner

Statens vegvesen hadde måndag ettermiddag og kveld trafikkontroll på Hjellemarka og Halhjem i Os.

Totalt var 21 køyretøy innom kontrollplassen. Det vart teke nærare kontroll av 16 av dei.

– Etter tips stoppa me ein rumensk semitrailer med svært tung last på Halhjem kai. Han hadde vore i Bergen og lasta på ein større skipsmotor, og var no på veg til Tyrkia med denne. Transporten hadde fått innvilga dispensasjon for ei totalvekt på 58.300 kg. Når me foretok ein vektkontroll av vogntoget, viste det seg at totalvekta var på heile 72.800 kg. Vogntoget var altså 14.500 kg over det dispensasjonen låg til grunn, opplyser Knut Sylta i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart nedlagt bruksforbod på staden, og transportøren fekk eit overlastgebyr på kr 86.950. Dette må no betalast før vidare køyring.

– Her må det også ein ny trekkbil og semitrailer på plass, og det må søkjast om ny dispensasjon for korrekte vekter før transporten kan halda fram til Tyrkia, opplyser Sylta.

I tillegg gav kontrollen følgjande resultat:

- Å̊tte skriftlege manglar, i hovudsak på lysfeil.

- Tre bruksforbod for lysfeil.

- Ein anmeldt for køyring utan bremselys.

- Eitt dekkgebyr for køyring med mønster under minimumskravet (3mm)

- Eitt bombrikkegebyr på kr 8000

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein monaleg andel både bilar og tilhengjarar som har lysfeil. Dette gjeld både nærlys, baklys og bremselys. Her må folk generelt verta flinkare til å gå ein runde og kontrollera tilstanden på lysa på køyretøya sine før køyring, seier Sylta.