Leiar i besøkstenesta i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen

Treng fleire som kan hjelpa: — Det gir veldig mykje

Det sit fleire einsame i Os som ønskjer seg ein besøksven å snakka med.

Publisert Sist oppdatert


Nina Solvår Sælen er inne i sitt andre år som leiar for besøkstenesta i Os Røde Kors. Totalt har ho vore medlem i Røde Kors i 31 år og har hatt ulike leiarverv som lokalforeiningsleiar, leiar for internasjonal kvinnegruppe, leiar for internasjonale utval og nestleiar for distriktsstyret i Hordaland. 

I tillegg har ho vore ein del av hjelpekorpset til Røde Kors.

– Det gir veldig mykje å hjelpa andre, og medlemene i Røde Kors blir nærast som ein familie, fortel ho.

12 på venteliste

Behovet for ein besøksven har vore aukande. Per no står 12 besøksvertar på venteliste og ønskjer å koma i kontakt med ein besøksven. 

– Viss nokon treng ein besøksven, kan dei ringa Os Røde Kors. Tilbodet er heilt gratis, fortel Sælen.

Besøkstenesta i Os består av 20 besøksvener i tillegg til 11 som er med på bingo og trallesal på Luranetunet. 

– Er det nokre kriterium for å bli besøksven?

– Du må gjennom tre obligatoriske kurs; innføringskurs, førstehjelpskurs og psykososial førstehjelp. Kursa er på tre timar kvar og etter ni timar er du godkjend som besøksven, fortel Sælen og held fram:

— Det er ein fordel å lika å ha kontakt med andre menneske, gje litt av deg sjølv i samtalar og vera ein god ven og medmenneske.

– Kven er det som har behov for dette tilbodet?

– Det er stort sett eldre, men alle over 18 år kan koma med ønske. Me er redd det sit fleire yngre der heime som har behov for nokon å snakka med, men som ikkje tør å ta kontakt fordi det er flaut.

– Kor mykje tid må du rekna med å bruka som besøksven?

– Éin til to timar ein gong i veka eller annakvar veke. Det kan besøksvenen og besøksverten avtala seg imellom. Dei kan anten møtast heime hos besøksverten, gå turar, møtast på kafé eller gjera noko anna i lag. 

Vart stifta i 1980

Sjølv om det er 46 år sidan besøkstenesta starta opp i Os, er to av dei som var med den gongen, framleis aktiv i besøkstenesta.

Behovet for besøksvener har gått opp og ned gjennom åra, men det er dessverre lenge sidan behovet for besøksvener har vore så stort som no. No håpar Sælen at fleire har lyst til å vera ein del av fellesskapet i besøkstenesta til Røde Kors.

– Det er kjekt å sjå at me har fått inn internasjonale medlemer. Dei kan hjelpa med å forstå språk og kulturar betre. Fleirtalet er damer, så det må gjerne koma fleire menn inn i besøkstenesta. Det hadde vore veldig hyggjeleg, smiler Sælen.

– Korleis kan ein koma i kontakt med besøkstenesta dersom ein ønskjer å hjelpe?

– Då kan ein anten ringja til Os Røde Kors eller melda seg som besøksven på nettsida vår. Alle meldingar kjem direkte til meg, fortel Sælen.

Prøver å matcha folk

Leiaren for besøkstenesta er sjølv med første gongen besøksvenen og besøksverten skal møtast. Sælen gjer eit nøye forarbeid slik at personane skal passa til kvarandre.

– Det krevst ein del logistikk i forkant, men det går stort sett veldig bra og begge partar vert nøgde, fortel ho.

– Kva er det som gjer at du brukar så mykje tid på frivillig arbeid? 

– Å hjelpa andre og vera ein del av Røde Kors-familien, betyr utruleg mykje. Gje litt av di eiga tid å sjå kor mykje det betyr for eit anna menneske, oppmodar Sælen. 

— Eg kjem aldri til å slutta i Røde Kors, seier ho smilande og refererer til grunnleggjaren av besøkstenesta i Røde Kors Jens Meinich sitt motto: «Den beste medisinen for eit menneske er eit anna menneske». 

– Kvart enkelt menneske kan bidra og alle menneske kan bidra på sin eigen måte på tvers av kultur og religion. 

– Får de mange tilbakemeldingar frå folk?

– Me får mange gode tilbakemeldingar frå folk som er takksame for det me gjer. Det varmar veldig.

Kurs og informasjonsmøte

Kursa til Røde Kors startar allereie denne veka og gjeld for alle som vil bli frivillig uansett avdeling.

Os Røde Kors treng også fleire aktive til andre delar av verksemda si, og torsdag inviterer dei til informasjonsmøte i Røde Kors-huset.

— Kommunen veks og då aukar behovet for fleire aktive i Os Røde Kors, skriv laget i ei pressemelding.

Her vert det påpeika at talet leiteaksjonar og sanitetsvakter aukar og at hjelpekorpset treng fleire som kan rykka ut på kort varsel i leite- og redningsoppdrag. Behovet for førstehjelpskurs aukar også, noko som krev fleire instruktørar. I fjor gjennomførte Os Røde Kors 20 førstehjelpskurs for bedrifter, lag og organisasjonar.

I tillegg treng Barnas Røde Kors (BARK) fleire leiarar og det trengst fleire beredskapsvakter.

Powered by Labrador CMS