9. november: Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk påvist smitte måndag 9. november.

Har fått prøvesvara for nærkontaktane etter at tilsett fekk påvist covid-19

16 bebuarar og sju tilsette vart sette i karantene etter påvist smitte på Lurane.

Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk påvist smitte måndag 9. november. 16 bebuarar og sju tilsette vart sette i karantene og testa for covid-19, fordi dei har hatt nærkontakt med den smitta.

Testsvara er no klare, og viser negativt resultat for alle dei 23 nærkontaktane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samsvar med rettleiarane frå FHI må alle nærkontaktane vera i karantene til og med 15. november, sjølv om testsvaret er negativt, opplyser kommunen.

– Men alt tyder heldigvis på at dette har gått bra. Det er ei stor lette for oss alle. Eg vil rosa bebuarane og deira pårørande som taklar alt dette på ein svært god måte. Det er ein tøff situasjon å stå i, og det er ikkje berre enkelt å jobba i fullt smittevernutstyr. Dette er folk som verkeleg kan sine smittevernrutinar, og som står på for å halde hjula i gang, seier ordførar Trine Lindborg i ein kommentar på nettsida til kommunen.