Har oppretta sak: — Opne flammar på kjøkenet

Store styrkar frå Bjørnafjorden brann og redning rykte ut til brannen søndag.

Til alt hell vart det ingen personskader

Kring 12.30 søndag vekk politiet melding om at det brann i eit hus i Gymnasvegen.

— Det viste seg å ha vore opne flammar i samband med matlaging, fortel fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Brann i bustad: Alle skal ha kome seg ut

Til alt hell vart det verken vidare spreiing av brannen eller nokon personskader.

— Men det vart mykje røyk og ein del skader på ventilasjonsanlegget.

Politiet har oppretta sak på forholdet.

Pipebrann på Søre Neset

Nokre timar seinare, klokka 15.20, kom det melding om brann i ein bustar på Søre Neset. Det viste seg å vera ein pipebrann i ei helt ny pipe.

Heller ikkje her var det nokon personskader.