Har skaffa mellombels løysing: — Alle har hatt straum i natt og dag tidleg

BKK jobbar framleis med å fiksa straumbrotet på Søfteland.

Seint torsdag kveld vart fleire bebuarar i området mellom Haukeland og Hatlelida på Søfteland utan straum. Kort tid etter fekk dei mellombels hjelp frå BKK sitt utegåande mannskap.

— Våre folk på staden hadde med seg eit aggregat og sytte for at bebuarane fekk ei mellombels straumløysing ganske raskt etter straumbrotet. Så alle har hatt straum i natt og i dag tidleg, fortel pressekontakt i BKK, Kristina Kollerud Austrheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at feilen no er funnen.

— Det viser seg at det var ein høgspentleidning som var gått i bakken. Mest truleg som følgje av den sterke vinden. Folka våre er på plass no og skal ordna dette. I mellomtida skal alle i området få straum ved hjelp av aggregatet, slår Austrheim fast.