Innsatsleiar Henning Hegbom fortel at dei har store mannskap som deltek i søket fredag føremiddag.

Har trappa opp søket etter den sakna

Søket etter ein mann i 20-åra har pågått for fullt i heile natt.

Publisert Sist oppdatert

Politiet har søkt etter den sakna i heile natt, men det er framleis ikkje gjort funn. 

— Politiet ber om tips i saka, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen fredag morgon.

I natt har 15 personar frå Røde Kors vore i søk. Det har også vore søkt med drone, og hundar frå Norske redningshunder. Sivilforsvaret har deltatt, og politiet har søkt med eigen hundepatrulje. 

Politiet opplyser at dei har mottatt enkelte tips. 

Søket vil trappast opp utover morgontimane, og det vil bli sendt ut ny utkalling av frivillig mannskap. 

Sivilforsvaret er kalla inn.

— Sjekk uthus og garasjar

Kl. 17.23 torsdag melde politiet at det framleis pågår eit omfattande søk i området Hålandsdalen/Holdhus. 

— Det er ønskjeleg at bebuarar i området sjekkar uthus, garasjar, låvar og liknande, skriv operasjonsleiar Tore-André Brakstad på Politiloggen.

Leitemannskap har leita i heile natt. Fredag vart søket trappa ytterlegare opp.

Mannen i 20-åra vart natt til torsdag meldt sakna frå heimen sin, og politiet starta kort tid etter søk med politihund, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. 

Sidan torsdag morgon har også eit redningshelikopter frå HRS Sola delteke i søket. 

Mannen skal vera tynnkledd, og om lag 1.70 m høg. Han er iført svart turbukse, blå strikkegenser og store støvlar.

Ved observasjon ring 02800 evt 112 ved akutt fare for liv og helse.

Røde Kors bidreg med mannskap.
Powered by Labrador CMS