Verkstaden i Industrivegen er årets nykomar i MECA-kjeden.
Verkstaden i Industrivegen er årets nykomar i MECA-kjeden.

Heider og ære til Thuen & Matre

Os-verkstaden Thuen & Matre gjer seg bemerka i MECA-kjeden.

MECA gjev kvart år honnør til sine beste verkstader. Tradisjonelt vert prisane delte ut under ein gallamiddag i samband med Automessen i Lillestrøm eller Gøteborg. Dette året vart prisane presenterte under ei samling i Budapest. 170 deltakarar deltok, mellom desse Thuen & Matre, som var nominert til Årets nykomar i verkstadkjeden.

- Prisane heng høgt og kriteria for å bli nominert er strenge, heiter det i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I konkurranse med to andre verkstader stakk altå Thuen & Matre av med prisen for årets nykomar.

- Prisen vert delt ut til ein verkstad som har blitt medlem i kjeda det siste året. Verkstaden har vist stor evne til å tilpassa seg kjedekonseptet. Det er framleis eit stykke å gå for å etterleva konsepttanken heilt ut, men fokus og vilje tilseier at vegen er kort, rosar MECA i pressemeldinga.