Tanken har stått der sidan det var sildefabrikk på kaien. Denne veka vart tanken fjerna.

Historisk minne og kunstprosjekt på veg bort: – Litt synd

Viggo Furubotn likte den dekorerte tanken veldig godt.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag var eit firma i Eikelandsosen godt i gang med å fjerna den gamle tanken etter sildefabrikken ved Fusa taxisentral. 

Nabo Viggo Furubotn vedgår at han synest det er litt trist.

– Eigaren av tomta har sikkert gode grunnar, men eg synest det er litt synd. Tanken vart veldig flott dekorert av elevar frå Fusa vidaregåande skule for nokre år sidan og var eit artig kunstobjekt i nærmiljøet. Eg likte det, seier Furubotn.

74-åringen har budd i området i 12 år.

– Då eg kom hit, var tanken rusten og gamal og ikkje noko pent syn, men etter at elevane måla han, synest eg han har vore fin å sjå på. Det har liksom vore ein fin symbiose av gamal, lokal historie og moderne kunst, smiler Furubotn.

Tanken er blitt dekorert med måling, logoar, ulike portrett og motiv laga av elevar frå KDA ved Fusa vidaregåande skule.

– Må fjernast av miljø-omsyn

Eigar av tomta, Svein Berge, er samd i at elevane gjorde ein fin jobb med å dekorera den gamle tanken, men han må dessverre fjernast.

– Av miljømessige omsyn burde han vore fjerna tidlegare. Dette var ein gamal fyringstank til den gamle sildefabrikken, med restar av fyringsolje, seier Berge.

Han kjøpte tomta der tanken står for å få vegrett til nabotomta kor han skal byggja fire nye leiligheiter.

– Eg tek ansvar for å fjerna denne tanken. Me kan ikkje ha han ståande og risikera fare for lekkasje og miljøforureining, legg Berge til.

Han vedgår det kostar nokre kroner.

– Først fekk me tanken reinsa. No er Norscrap West her og skal skjera han i biter og køyra han til stålgjenvinning. Totalt kostar det vel kring 100.000 kroner, fortel Berge.

Powered by Labrador CMS