Hunden var ein blandingsrase mellom Schæferhund og Collie. På illustrasjonsfotoet er det ein Schæferhund som er avbilda.
Hunden var ein blandingsrase mellom Schæferhund og Collie. På illustrasjonsfotoet er det ein Schæferhund som er avbilda.

Hund beit 8-åring i andletet

Trass i det aggressive utbrotet frå hunden, motsette eigarane seg at han skulle bli avliva. Til slutt enda det med rettssak.

I slutten av oktober møttest osingar i Nordhordland tingrett der konflikten gjaldt ein tre år gamal hund. Sommaren 2014 var hunden plassert hjå oppdrettarane, medan eigar var på ferie. Ein kveld vart ei besøkjande jente på 8 år biten av hunden. Kuttskadane hjå jenta fekk medisinsk behandling, og foreldra hennar politimelde saka og kravde avliving.

Hordaland politidistrikt vedtok at hunden skulle avlivast, men eigarane av hunden klaga på vedtaket. Politidirektoratet avviste klagen. Men eigarane saksøkte staten ved Justis- og beredskapsdepartementet. I påvente av rettssak, har hunden vore plassert hjå FANT - som driv med frivillig omplassering av hundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hundeeigarane si vurdering

I Nordhordland tingrett viste eigarane av hunden til at hendinga sommaren 2014 må ha vore eit eingongstilfelle, for hundekyndige personar har konkludert med at hunden er roleg og har eit godt gemytt. Han har hatt omgang med born etter hendinga utan å visa noko form for aggressivitet. Dei hevdar at hundens bitt må forklarast med ein skade i den eine poten (ein patologisk forandring i høgre olbogeledd), som truleg gav hunden smerter. Dei meiner at hunden beit for å unngå at han blei påført ytterlegare smerter. Dei sa at det er ingenting som tyder på at hunden vil hamna i same situasjon ein gong til sidan han no er behandla for smertene. Dei vil også halda hunden vekke frå staden der angrepet skjedde, for å unngå at barnet skal møta hunden att.

Meddommar ville stoppa avlivinga

Rettsaka vedgår at det i følgje lova kan finnast tilhøve som gjer at ein hund som har bite skal få leva. Til dømes vert det nemnt i forarbeida til hundelova at dersom det gjeld ein kvalp som har bite under leik, og eller ikkje har vist teikn til aggresjon. Eit mindretal, beståande av meddommar Lillian Haugs, meiner at dette var ein ekstraordinær situasjon som burde tilseia at normalregelen om avliving ved angrep på born bør fråvikast.

Fleirtalets syn og dommen

Men fleirtalet i retten viser til at det er snakk om at jenta fekk vesentlege skadar som følgje av hendinga. Legejournalen fortel om "tre kutt/bitt i ansiktet", samt kloremerke. Retten seier at sidan bitet skjedde i nedre del av barnets andlet og nært halsen, var det stort farepotensial. Dei har ikkje funne det bevist at det var for å unngå smerte at hunden beit. Eit fleirtal har funne at vilkåra for avliving av hunden er oppfylt.

Staten vart difor frifunne, og avlivingsvedtaket halde ved lag. Saksøkjarane slapp å betala 62.000 kroner i sakskostnader på grunn av den store styrkeskilnaden mellom privatpersonane og staten.