Leiinga i Fusa Røde Kors kan ikkje få skrytt nok av innsatsen og samarbeidet mellom alle etatane som bidrog i leiteaksjonen.

Hyllar samarbeidet og innsatsen til leitemannskapet

Fusa Røde Kors er svært takknemleg for både utfallet og det gode samarbeidet etter at mannen i 20-åra kom til rette søndag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Store mannskapar bidrog i søket etter at ein mann i 20-åra vart meldt sakna i Fusa natt til torsdag. Røde Kors og Norsk Folkehjelp bidrog. Sivilforsvaret og Heimevernet vart kalla inn. Politiet søkte med politihundar. Norske redningshundar tok del, og mannskapet fekk også helikopterstøtte. 

I tillegg møtte 'uorganiserte' frivillige opp for å bidra med det dei kunne.

— Det er ufatteleg korleis frivilligheita har stilt opp, seier ein imponert Ivar Hellebø, beredskapsleiar i Fusa Røde Kors.

Søndag føremiddag - etter over tre døgn - vart mannen funnen vaken og bevisst.

Stolte

Mari Gjøn Furubotn, leiar i Fusa Røde Kors, og hjelpekorpsleiar Hildegunn Hanstveit, kan ikkje få skrytt nok av innsatsen til hjelpekorpset og alle etatane som har bidrege. 

— Det har vore eit utruleg flott samarbeid mellom alle involverte, seier Gjøn Furubotn og Hanstveit.

Dei fortel om fire krevjande dagar, både mentalt og fysisk. 

— Samtidig har det vore rørande å sjå korleis lokalbefolkninga har stilt opp på alle moglege måtar, seier Hanstveit. 

Dei to fortel at det var hjelpekorps-mannskap og beredskapsvakter i sving 24 timar i døgnet frå meldinga kom.

— Det er heilt fantastisk. Når det skjer noko alvorleg, set me verkeleg alle klutar til.

Dei ønskjer å takka lokalbefolkninga for all bistand og også forståing, då dei rett og slett måtte takka nei til nokon av dei som ville bidra. 

Dei er samstundes svært glade for at det er opparbeidd eit hjelpekorps i Fusa som er så stort at dei kan handtera ein slik aksjon. 

— I tillegg har me fått fantastisk hjelp frå hjelpekorps heilt frå Etne og Stavanger. 

— Me sit att med stor takksemd både for utfallet, samarbeidet og den innsatsen som er lagt ned.

— Det er ufatteleg korleis frivilligheita har stilt opp, seier ein imponert Ivar Hellebø i Fusa Røde Kors.

Totalt har langt over 100 frivillige teke del, utan at Hellebø har det eksakte talet.

— Det har vore heilt vanvittig, seier Hellebø som fortel om ei utruleg stemning då mannen vart funnen vaken og bevisst etter over tre døgn.

— Det var smått utruleg, seier Hellebø.

Han fortel at det søndag føremiddag var debrief i Fjorden Arena med dei involverte, innsatsleiar og lagførarar.

Då me prata med Hellebø søndag, heldt dei på å gjera klar Røde Kors-huset, slik at ungdom som hadde behov for å koma saman, kunne samlast der søndag ettermiddag/kveld. 

Måndag var det ope hus for alle involverte same stad.

Hellebø nyttar også høvet til å retta ei stor takk til Norske Kvinners Sanitetsforening som stod for bevertninga i Fjorden Arena.

Store mannskapar bidrog i søket etter at ein mann i 20-åra vart meldt sakna i Fusa natt til torsdag. Søndag kom meldinga om at han var funnen vaken og bevisst.
Powered by Labrador CMS