Kva fritidstilbod finst i Bjørnafjorden?
I dag lanserer vi gratis oversikt over lag og aktivitetar
Lagskarusellen til Os & Fusaposten vil samla alle lag og aktivitetstilbod i Bjørnafjorden på eitt brett.
Ettermiddagar, kveldar og helger er full av aktivitet i klubbar, lag og organisasjonar i heile Bjørnafjorden.
Med nyvinninga Lagskarusellen på osogfusa.no samlar Os & Fusaposten no alle lag og organisasjonar på eitt brett - i ei gratis oversikt.
Målet er å gje alle bjørnafjordingar, tilflyttarar og dei som er på besøk, eit raskt og godt overblikk over fritidstilboda i kommunen.
Her får du oversikt både over alle laga og kva som skjer frå veke til veke.
Flest mogleg
Lagskarusellen er 'sjølvbetjent', men vi hjelper sjølvsagt ditt lag i gang - både med den første informasjonen og fortløpande oppdateringar av aktivitetar.
Lagskarusellen er gratis, og skal gjera det lettare å finna lag og foreiningar i kommunen, og er også ei moglegheit for laga til å visa fram sine tilbod.
Vi håpar mange gjer det til ein vane å sjekka Lagskarusellen, og at alle lag og foreiningar i kommunen tek denne i bruk.
Saknar du laget ditt?
Saknar du laget ditt i Karusellen?
Då kan du anten leggja det inn sjølv i Lagskarusellen på osogfusa.no. Det gjer du ved å bla deg ned til karusellen på osogfusa.no, klikka "Sjå alle" opp til høgre, og så "Registrer laget ditt".
Eller du kan ta kontakt med oss på kundeservice@osogfusa.no. Då får du ein invitasjon på e-post. Vi hjelper deg og laget ditt i gang.
Målet er at karusellen blir så innhaldsrik og bra som mogleg!
Lagskarusellen er blitt ein realitet etter ei tildeling på 100.000 kroner frå Sparebanken Norge.
Vi e' Bjørnafjorden - Dei frivillige
Parallelt med lanseringa og oppbygginga av Lagskarusellen, startar Os & Fusaposten denne vinteren opp med reportasjeserien Vi e' Bjørnafjorden - Dei frivillige.
Gjennom heile året skal vi ha ekstra fokus på eldsjelene, dugnadsånda og dei frivillige laga i kommunen.
For kva hadde Bjørnafjorden vore utan alle desse?
Dei som kveld etter kveld, helg etter helg, gir store og små eit fritidstilbod å gå til.
Gjennom Vi e' Bjørnafjorden - Dei frivillige vil Os & Fusaposten løfta fram dei som gjer ein ekstra innsats for lokalsamfunnet, men som helst styrer unna spotlighten.
Meir informasjon om dette om litt.