Kjenner du ein som alltid stiller opp?
Os & Fusaposten vil heidra dei frivillige
Os & Fusaposten vil løfta fram dei som gjer ein ekstra innsats for lokalsamfunnet, men som gjerne styrer unna 'spotlighten'.
Gjennom 2026 vil vi ha ekstra fokus på eldsjelene og dugnadsånda i kommunen.
For kva hadde Bjørnafjorden vore utan alle dei som kveld etter kveld, helg etter helg, brukar tida si på å gje store og små ein aktivitet gå til.
Mange kandidatar
Vi vil høyra om trenaren som står time ut og time inn i sludd og regn langs fotball-banen for at poden skal ha eit lag å gå til.
Primus motoren i korpset som gjev alle dei musikk-glade eit tilbod om å spela i lag med andre.
Besøksvenen som spreier varme blant dei einslege.
Mora eller faren som vaskar drakter, steiker vaflar og stiller på dugnad for å byggja fellesskap.
Bygdepatrioten som vaskar, målar, snekrar og står i baren i ungdomshuset for å samla bygda til fest og moro.
Tur-entusiasten som gjev borna deira fyrste møte med naturen gjennom Turboklubben eller Speidaren.
Lista er lang. Kandidatane er mange.
Tips oss!
Vi håpar både lag, klubbar, foreiningar og privatpersonar vil tipsa oss om kandidatar.Send oss ein epost, eller ei melding på Instagram eller Facebook.
Tips oss gjerne om dei som står på litt i det stille.
Vi veit det er mange som gjer ein uvurderleg innsats rundtom, men som aldri vil ropa høgt om det.
Vi gler oss til å få løfta fram dugnadsånda i kommunen gjennom heile 2026, og håpar lesarane våre vil hjelpa oss med dette.
Piknik-korg full av dugnadsmat
I 2025 fekk vi besøka lunsjrom etter lunsjrom i kommunen med marsipan-kake under armen og varm kaffi på kanna.
Vi fekk mange gode pratar om folks meiningar, tankar og idear om heimkommunen.
I 2026 held Vi e' Bjørnafjorden fram med fokus på dei frivillige. Denne gongen tek me med oss ei piknik-korg full av klassisk dugnadsmat under armen, for ein prat om motivasjonen, drivkrafta og gleda av å stilla opp som frivillig.
PS: Visste du forresten at frivillig arbeid bidrog med ei verdiskaping tilsvarande 107 milliardar (!) kroner i Noreg i 2023. (Kjelde: frivillighetnorge.no).