Arkivfoto: Salatane på biletet har ingenting med denne saka å gjera. I kveld kjem Thomas Lyssand i Lyssand Gartneri til Osøyro for å dela ut påsketulipanar. (Arkivfoto)

I kveld reiser Thomas til Osøyro for å dela ut tusenvis av påsketulipanar

– Vi får ikkje selt tulipanane. Berre kjekt at nokon kan få nytte av dei, seier Thomas Lyssand.

Lyssand Gartneri har fire millionar tulipanar klare for påskemarknaden. Tidlegare denne veka skreiv Os & Fusaposten om dette. Då sa Thomas Lyssand at dei frykta er at dei skal brenna inne med mange av dei.

– Vi er spente på om vi får seld ut alt, eller om vi brenn inne med ein del, og i så fall kor mange, sa han då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her skulle eg ha henta gratis tulipanar til fruen. Eg blei lurt

No gjer dei det dei kan for å kvitta seg med tulipanane, og for at dei likevel skal koma til nytte. Klokka 18 onsdag kveld vil Lyssand stilla seg opp ved Baronsgården på Osøyro for å dela ut til alle som ønskjer påsketulipanar.

– Kor mange har du med deg?

– Tusenvis, seier Lyssand.

I tillegg til tulipanar, kjem Lyssand til å ha med seg telt, strandstolar, varmelampar og lesestoff til alle som må venta i kø. Ventemusikk i form av radiosending.