KKL: Kommuneoverlege Klaus Melf, ordførar Trine Lindborg og resten av KKL har hatt hektisk møteaktivitet siste døgn.

Ikkje meldt om nye smitta laurdag føremiddag

Men kommuneoverlege Klaus Melf ventar framleis på mange testsvar.

Når det gjeld smitteutbrotet på 8. trinn er det så langt meldt om 16 smittetilfelle: 15 elevar og éin lærar.

Alle 138 elevar på trinnet og 21 tilsette ved skulen er rekna som nærkontaktar og sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlege Klaus Melf har laurdag føremiddag førebels ikkje fått melding om fleire smittetilfelle knytt til utbrotet på 8. trinn, men ventar framleis på mange testsvar.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Kartlegging av nærkontakter

Smittesporingsteamet i Bjørnafjorden kommune har sidan i går ettermiddag jobba for å kartleggja nærkontaktar òg utanfor trinnet.

Fleire av dei smitta elevane har deltatt i ulike organiserte aktivitetar saman med elevar frå andre skular og krinsar i kommunen. Desse blir òg rekna som nærkontaktar og har fått beskjed om å gå i karantene. Smittesporinga held fram i dag, laurdag.

Koronalegevakta i Kolskogen har trappa opp kapasiteten på testing og rådgiving på telefon.

— Alle som har fått anbefaling om å teste seg, skal få time i løpet av kort tid, seier ordføraren.