Konferansier: I morgon er Eli Johanne Stene konferansier under markeringa av Verdsdagen for sjølvmordførebygging i Bergen. Fysioterapeuten som har sitt daglege virke i Os Næringspark, håpar å sjå mange bjørnafjordingar på markeringa.

Inviterer bjørnafjordingane til sterk markering i Bergen

I morgon frontar Eli Johanne Stene markeringa av «Verdsdagen for sjølvmordsførebygging» i Bergen.

Stene har hatt sitt daglege virke i Os i kring 20 år. Fysioterapeuten har fått med seg at sjølvmordsproblematikken har vore aukande i kommunen dei siste åra.

— Tendensen er at det aukar over heile landet. Til liks med her, er det mange gutar og menn som gjer ende på livet sitt. Det er tragisk. Eg er redd det har noko å gjera med at gutar og menn snakkar mindre i lag. Me kvinner er flinkare til å finna arenaer for å prata og lufta ut, meiner Stene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Unge menn døyr: Selina (23) har mista to nære vener på under eitt år
Les også
Samira (34) veit kor mørkt det kan bli: — Det siste me treng no er innsparingar innan psykisk helse

Ifølgje FHI vart det rapportert om 658 sjølvmord i Norge berre i 2021.

— Det er forferdeleg at me skal mista menneske på denne måten. Me må gjera alt me kan for å redda dei me kan frå ein slik tragisk bortgang, seier Stene.

Kjem sterkare tilbake

Verdsdagen for førebygging av sjølvmord vil bli markert over heile landet, men ikkje her i kommunen.

— Ifølgje handlingsplanen for førebygging av sjølvmord er dette ein dag som skal markerast også her, men sidan det er det nye ressursteamet som skal ha dette ansvaret, må markeringa i morgon gå ut. Teamet er rett og slett for nykomponert og ferskt til å ha fått førebudd noko. Me beklagar dette og lovar å koma sterkare tilbake neste år, seier fungerande leiar for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune, Maria T. Bjørdal.

Ho legg til at dei skal vera klare til Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober.

— Då skal me vera budde til å ha eit skikkeleg arrangement.

Les også
Kriseteamet: — Ungdomsmiljøa bekymrar oss
Les også
Psykisk helse: – Det er ingen av oss som sit rundt dette bordet her som vil trekkja ned tenestene til brukarane

Ho er orientert om morgondagens arrangement i Bergen, og tilrår alle «berørte» å ta turen.

— Det som skal skje i Bergen verkar veldig fint. Arrangementet kan heilt sikkert vera bra for våre innbyggjarar å ta del i, seier Bjørdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenner lys

Markeringa i Bergen finn stad på Holbergskaien, ved enden av gågata. Her skipar «Leve» (Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord) saman med WIMA (Women´s International Motorcycle Associaton) til samling med appellar, konsertar, samtalar og felles lystenning.

— Det blir eit veldig bra opplegg, og me ventar mykje folk. Berre på motorsykkel reknar me med at det kjem bortimot 200. Dei vi ha eit eige «Charity run» i Bergen før det heile startar ved skuret klokka 13.00, fortel Stene.

Ho er president i WIMA og skal vera konferansier under markeringa.

— Me snakkar om fleire timar med program. Me vil avslutta det heile med felles lystenning. Her er alle som har mista nokon til sjølvmord, inviterte til å tenna lys for han eller henne, fortel Stene.

Det blir musikk med Doddo, Gjenklang og Kine Selsvik Fedøy, og måling for barna med Elvis-kunstnar Aslaug Moi Frøysnes.

Les også
Kuttlista til kommunedirektøren er klar. Ber om ei innsparing på to millionar innan psykisk helse og rus dei neste to åra

I tillegg vil det sjølvsagt vera appellar.

— Me har fått ein fantastisk mann til å koma. Sigurd Fürstenberg Tillisch er leiar i foreininga «Menn i skjul» og vil setja fokus på alle mennene som stundom kjenner seg åleine utan å ha ein plass å gå. I tillegg vil fylkesleiar i LEVE, Anne Marie Ulvolden, og sjukepleiar og pårørande, Marianne Theresa Sandnes, ta ordet. Dette blir fint. Eg håpar å sjå mange bjørnafjordingar, avsluttar Stene.