Dette er kriseteamet: Frå venstre: Olaug Sælen Steen, avdelingsleiar for avdeling Psykisk helse, Anne Halhjem, leiar bemanningssentralen, Hildegunn Breivik, psykiatrisk sjukepleiar i avdeling Psykisk helse, Linn Dahl, ass. avdelingsleiar for avdeling Psykisk helse, Carl Andrè Dahl, ruskonsulent, Beate Botnevik, barnekoordinator og Per Gunnar Lunde Oseng, avdelingsleiar Vartun. Ikkje til stades - Ingrid Askvik, HR-sjef, Marit Lunde Fosen, sjukepleiar v/legevakta og Linda Hevrøy, leiar for Familiens hus.

Kriseteamet: — Ungdomsmiljøa bekymrar oss

Dei møter innbyggjarar i akutte kriser. Slik jobbar kriseteamet i kommunen.

Kommunane er pålagde å ha eit beredskapsteam som rykkjer ut i akutte kriser. Som regel er det snakk om brå, uventa dødsfall. Korleis kommunane organiserer kriseteama, varierer. I Bjørnafjorden kommune er det ti kommunalt tilsette i teamet. Dei samarbeider tett med kyrkja, politiet og legevakta.

Medlemene i kriseteamet jobbar i ulike roller i Bjørnafjorden kommune til dagen. Oppstår det ei krise, vert andre oppgåver skyvd til sides.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Unge menn døyr: Selina (23) har mista to nære vener på under eitt år

Om ein tek kontakt med kriseteamet via telefon, hamnar ein hos legevakta. Dei tek kontakt med leiinga i teamet, Olaug Sælen Steen og Anne B. Halhjem. Dei vurderer om kriseteamet skal koplast på.

— Vi held oss til ein nasjonal rettleiar, og tilbyr bistand til kriseramma der hendinga er av ein karakter der påkjenninga er større enn kva ein kan forventa at dei som er råka, meistrar på eiga hand, seier nestleiar Halhjem og held fram:

— Det må ikkje vera ei stor ulukke eller eit sjølvmord for at kriseteamet skal involverast.

Alltid minst to personar

På same tid er det mange hendingar som er ei krise for dei som står i det, som ikkje vil vera ei sak for teamet, til dømes ei skilsmisse. I slike tilfelle, koplar ein på andre kommunale tenester.

Saker som omhandlar valdtekt og seksuelle overgrep, blir handsama på valdtektsmottaket ved Bergen legevakt. Valdssaker går først og fremst til politiet, men det kan bli aktuelt for kriseteamet å følgja opp dei som er utsette for vald.

— Korleis jobbar de etter å ha konkludert med at dette er ei sak for kriseteamet?

— Då hentar vi inn mest mogleg informasjon i saka, og rykkjer ut med minst to personar. I starten gjev vi råd og tilbyr støtte, og er varsame med å spørja kva dei treng frå oss. Vi opplyser heller om kva vi kan hjelpa med. Vi er varsame med å gå inn i det emosjonelle for tidleg, då det kan føra til ein vanskelegare bearbeiding av krisa. Vi er der og vil bidra til ro i situasjonen, seier Steen.

Ønskjer tilbakemelding: Kriseteamet fortel at det hender at dei får kritikk, og at dei ønskjer tilbakemeldingar frå dei som dei har vore i kontakt med i ein krisesituasjon. Dette for å læra korleis dei kan bli betre.

Skal ikkje gå inn og «ta over»

— Korleis er det å møta personar som står midt i ein tragedie?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det krev eit veldig fokus. Det er ikkje plass til noko anna enn akkurat der og då, seier ruskonsulent Carl André Dahl og legg til:

— Det finst inga fast oppskrift, og vi har alle vår stil. I starten minnar det om ein leitefase. Du må vera var. Vi møter menneske og trer inn i deira sfære. Vi må navigera.

Det kan vera mange ulike reaksjonar på det som har skjedd. Med fleire til stades, kan kriseteamet fanga opp meir.

— Vi skal ikkje gå inn og “ta over”. Vi kan hjelpa med noko, men det er ikkje naturleg at vi tek alt. Det er viktig at dei som er råka av krisa gjer så mykje som dei klarar etter kvart som det første sjokket har lagt seg. Målet er å ta tilbake alle funksjonar den enkelte har hatt før hendinga. Vi skal vera der som ein støttespelar, seier Steen og legg til:

– For mange er det vanskeleg å ta den første kontakten ut mot skule, arbeidsgjevar og så vidare. Då kan vi hjelpa dei, slik at dei blir møtt på ein så god måte som mogleg, og at dei sjølv slepp å ta den kontakten.

Hender at dei får kritikk

Det er også oppretta ei ordning med NAV. Når ein familieforsørgjar går bort, er det ein fast person i NAV som blir kontakta.

– Denne ordninga har så langt fungert veldig bra.

Etter ei krevjande og ofte traumatisk hending, er informasjon viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det ein ikkje veit, opnar for fantasien. Difor er det viktig å få informasjon så tidleg som mogleg, slik at ein kan starta å bearbeida, seier Dahl.

Det hender at dei får kritikk for oppfølginga. Dei trur årsaka oftast er brotne forventingar.

— Om pårørande tenkjer at kriseteamet kan løfta bort sorg, vil vi aldri lukkast. Det kan vi ikkje.

Ny i kriseteamet: Carl André Dahl er ruskonsulent i Bjørnafjorden kommune. 1. august blei han også offisielt ein del av kriseteamet.

Nyaste tilskotet i teamet

Dahl er samd i at mykje har rot i ulike forventningar og påpeikar at dette er veldig individuelt.

— Nokre vil klara seg mest mogleg sjølv. Andre treng og vil ha mykje frå oss. Vi kan ha nokre prinsipp å jobba ut frå, men vi kan aldri vera sikre på at vi treffer heilt.

Teamet legg til at dei svært gjerne ønskjer tilbakemeldingar, og at dei set pris på om desse tilbakemeldingane kjem til dei først — og ikkje til media.

– For oss handlar dette om å kunna samhandla med dei som er råka av ei krise, og læra. Det vi får presentert i media kan vi ikkje handtera på ein god måte, seier Steen og legg til:

— Vi synest det er trist når folk sit att og er misnøgde eller sinte grunna oppfølginga vår. Vi har alltid som intensjon å hjelpa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ruskonsulent Dahl er det nyaste tilskotet i kriseteamet. Han startar formelt 1. august, men har alt vore med ei stund.

– Dahl blei “handplukka”, fortel Steen.

— Vi ønskte oss meir kompetanse på rus. Carl André har lang fartstid innan både det og psykisk helse. Det har blitt skrive om at pårørande til overdosedødsfall ikkje har fått god nok oppfølging. Det har også vi fått melding om.

Leiar i teamet: Olaug Sælen Steen, i midten, er leiar for kriseteamet. Her saman med Beate Botnevik og Linn Dahl.

– Gratis å kontakta meg

Nyleg stod Selina (23) fram med si historie knytt til rus og psykisk helse. Ho skryter av kriseteamet, og spesielt Dahl.

Kriseteamet kan ikkje kommentera konkrete saker, men Dahl seier at det gjorde godt å få den tilbakemeldinga.

Selina fortel at ho hadde brukt kriseteamet tidlegare viss ho hadde vore klar over tilbodet. Ho oppsøkte teamet saman med to vener etter eit dødsfall i venegjengen. Dei tre fekk snakka ut, utan å oppleva å bli stigmatiserte og dømde, og utan frykt for sanksjonar.

— Det er ikkje slik at ungdom, eller vaksne for den saks skuld, kan få denne type oppfølging frå kriseteamet utan vidare. Då må ein nytta andre kommunale tenester. Det er heilt gratis å kontakta meg, men då som ruskonsulent i kommunen — og kontakten går ikkje via kriseteamet, presiserer Dahl.

Jobbar med nytt tilbod

Han legg til at det i samband med den nyleg vedtekne handlingsplanen for førebygging av sjølvmord, skal opprettast eit drop in-tilbod, der ein kjapt skal få koma til og snakka med psykolog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selina målar eit dystert bilete av dagens situasjon blant ungdom, og fortel at mange rusar seg og at mange slit psykisk. Ho kjenner til seks unge menn som har gått bort i løpet av dei tolv siste månadene.

— Har de gjort dykk nokre tankar kring dette?

— Ungdomsmiljøa bekymrar oss. Vi har også gjort oss nokre tankar i forhold til sjølvmordsførebygging. Kommunen jobbar mot å tilby rask psykisk helsehjelp, for dei med milde til moderate utfordringar. Dette krev ein spesiell kompetanse i kognitiv terapi. Vi må utdanna tilsette, så vi får det ikkje til umiddelbart, men det kjem. Tilbodet skal vera for dei som er 16 år og eldre. Det skal ikkje vera ventetid, seier Steen, som i tillegg til å vera leiar i kriseteamet, er leiar for avdeling psykisk helse i Bjørnafjorden kommune.

Mange bekymringar

Saule Smetonyte, leiar for ungdomsrådet og vidaregåande elev i Sandefjord, sa nyleg i VG at kokain er blitt normalisert blant elevar. Dette stemmer med Selinas inntrykk i Bjørnafjorden. At mange unge bruker, at det er meir akseptert, og at kokain er mest utbreitt.

— Eg har grubla mykje på kor stort omfanget er. Inntrykket er at det stadig veks. Det går også føre seg langt frå hjelpetenestene. For dei fleste ungdomane går det tid før dei erkjenner problematisk bruk. Dei er også konstant eksponerte for rus. Slik var det ikkje før. Difor må ein førebyggja på ein heilt annan måte enn tidlegare, seier Dahl og legg til:

— Det er svært viktig å ikkje møta dei på ein stigmatiserande og moraliserande måte.

Steen seier at det er mange bekymringar knytt til dagens situasjon. Kvar går vegen vidare for dei unge som rusar seg?

Rus aukar også sjølvmordsfaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Impulskontrollen forsvinn. Opprivande hendingar i livet kan føra til at ein gjer noko ein eigentleg ikkje ønskjer å gjera, seier ho.

Frykt for sanksjonar

Onsdag var det markering av Verdas overdosedag. Då var tilsette frå kommunen synlege i sentrumsbiletet for å løfta temaet. Dei snakka om rus, overdosar og haldningar kring rusavhengigheit.

— Om vi møter og dømmer rusbrukarar, er éin av konsekvensane at problemet blir verande i det skjulte. Det er farleg. Vi må anerkjenna og forholda oss til situasjonen slik han er.

Inntrykket er at ungdom i dag er redde for potensielle straffesanksjonar og at det gjer terskelen for å søkja hjelp høgare.

— Er det grunn til å frykta sanksjonar?

— Vi har teieplikt. Hjelp kjem først. Vi kan ikkje melda at dei ruser seg, men vi gir beskjed om at dei vil bli meldt, om vi ser at dei t.d. bruker bil når vi veit at dei er rusa, seier Steen.

Sterkt når skamma lettar

Selina meiner det kan vera vanskeleg å få hjelp og at det tek for lang tid.

– Det er ho nok ikkje åleine om å oppleva, konstaterer Dahl.

— Lang handsamingstid kan handla om at det kan ta lang tid før ein kjem til årsaka til utfordringane. Når det gjeld psykisk uhelse, er det ofte ingen synleg og opplagt grunn til at ein har det vanskeleg, i motsetnad til mange fysiske plager.

Det er også lett for å tenkja at “alle andre” dømmer ein, fordi ein sjølv kjenner på skam kring eigen situasjon.

— Noko av skammen knytt til rusmisbruk, er at ein opplever “peikefingeren”. Korleis ser resten av verda på meg, når eg sjølv skammar meg? Vi må fjerna skam og stigma. Ofte når eg snakkar med pasientar, skulle eg ønskt at dei berre kunne leggja alle korta på bordet. Det ville gjort det lettare, seier Steen.

— Noko av det sterkaste eg opplever, er når skamma lettar, legg Dahl til.