Fleire val: Klaus Melf fortel om gode valmoglegheiter for vaksinering i juli.

– Ja, alle som fyller 18 kjem med i gruppe 10

Fleire lesarar har spurt oss om innbyggjarar som fyller 18 i år, altså 2003-generasjonen, inngår i gruppe 10.

Denne veka held vaksinasjonsteamet i Oshallen og i Fjord´n senter fram med å vaksinera gruppe 9, altså personar i alderen 45-54 år. I veke 27, altså frå og med onsdag 7. juli, startar dei å gje den første vaksinen til folk i gruppe 10.

— Dette gjeld friske folk i alderen 18-24 år. Dei som er fødde i 2003, men ikkje fyller 18 år før seinare på året, vil også få tilbod om å bli vaksinerte dei neste vekene no i juli, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte datoar

Han legg til at mange i denne gruppa vil få gode valmoglegheiter for når dei ønskjer å få vaksinen.

— Frå og med juli byrjar me å vaksinera to dagar i Oshallen — onsdag og fredag. Dermed vil dei som er busette på Os-sida få val mellom åtte datoar for å få sin første vaksine. I Fjord`n senter held me fram med å vaksinera berre éin dag, nemleg onsdagen, fortel Melf.