Gry vart førstemann til Nordkapp i årets 71 grader Nord. Her feirar ho med programleiar Tom Stiansen.
Gry vart førstemann til Nordkapp i årets 71 grader Nord. Her feirar ho med programleiar Tom Stiansen.

Jammen gjekk ho ikkje heilt til topps!

For ein prestasjon. For eit rivjern av ei kvinne. Gry Skarstein slo dei alle og vann årets 71 grader nord-sesong på TVNorge.

Os og Fusaposten fekk ein kjapp prat med Gry då det heile var avgjort måndag kveld.

- Det har vore ei spesiell tid. Eg har overtydd så mange om at eg ikkje vinn, at det er neste som eg ikkje har trudd det sjølv, humrar Gry.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til i kveld er det berre ektemann Morten Kjetland som har visst korleis det gjekk.

- Eg har ikkje ein gong fortalt det til far min.

- Var det vanskeleg å halda på hemmeligheita?

Grattis med ny bil Gry. Den har du ærleg fortent.
Grattis med ny bil Gry. Den har du ærleg fortent.
Gry og veninna Victoria Birkeland kan seia seg godt nøgde med innsatsen i 71 grader nord.
Gry og veninna Victoria Birkeland kan seia seg godt nøgde med innsatsen i 71 grader nord.
Måndag kveld var det finalefest i Oslo for Gry, programleiar Tom Stiansen og alle dei andre deltakarane i den 18. sesongen av 71 grader nord.
Måndag kveld var det finalefest i Oslo for Gry, programleiar Tom Stiansen og alle dei andre deltakarane i den 18. sesongen av 71 grader nord.

- Ikkje i starten, men no mot slutten var det det. Det har vore ei spesiell siste veke, seier ho.

Til premie får ho både bil og 380.000 kroner.

Korleis opplevde du finalen.

- Den var mentalt tøff. Spesielt heilt mot slutten då det var Vicky eg konkurrerte mot. Det var ei berg og dalbane-kjensle, rett og slett. Men sjølvsagt var det stort å vinna. Det var litt sånn 'ut av kroppen-kjensle'. Eg måtte spørja meg sjølv om det var verkeleg, fortel Gry.

For ei dame

Gry Skarstein er altså vinnar av den 18. sesongen av reality-turen på langs av Noreg. Treborns-mora frå Nore Neset stod løpet ut og fullførte finalen like galant og meisterleg som ho har fullført dei andre utfordringane ho har stått overfor i dei 15 programma som har rulla over skjermen denne hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så var det faktisk sant som ho sa til dottera Emma i fjor haust då dei såg programmet i lag kvar måndag: Eg trur eg skulle klart meg bra i 71 grader nord, Emma.

Jaudå, Gry. Du klarte deg bra og vel så det. Du toppa heile driten.

Tøft pokerfjes-halvår

Midt i beundringa over den enormt sterke prestasjonen me har vore vitne til på TV-skjermen, kan eg ikkje fri meg for å beundra ho nesten endå meir for måten ho har takla kvardagen heime på Nore Neset, på Os ungdomsskule og generelt i heimbygda Os, etter at ho kom heim frå innspelinga av programmet i vår. Det må ha vore litt av ei utfordring å halda på løyndomen.

Tenk å knebla sigersgleda i eit halvt år. Tenk å ha vunne ein flett ny Toyota Rav 4 og nær 400.000 kroner og ikkje få høve til å gleda seg over det med vener og familie - andre enn ektemannen, naturleg nok.

For Morten Kjetland visste det sjølvsagt, og også for han må det har vore eit spesielt siste halvår. Eit halvår med pokerfjes.

- Eg hatar å lyga, så eg hadde store nok problem då Gry var borte og eg måtte seia at ho var på studietur, fortalde Morten Kjetland til underteikna i sommar.

I kveld feira Gry og Morten sigeren i lag med alle dei andre deltakarane av årets program. Gjengen er samla på Bergans-butikken ved Oslo Rådhus.

Rikast på oppleving

Då underteikna intervjua Gry i sommar, var ho rimeleg klar på at tur-opplevingane og fellesskapet ho opplevde med dei 11 andre 71 grader nord-deltakarane var den store behaldninga. Når me i dag såg korleis det heile enda, kan me kanskje få leggja til at det såg ut som du mora deg litt over sigeren også, Gry, og jammen hadde du grunn til det.