Karoline Finnreite, Andreas Brattebø, Hanna Bakke, Martin Bakke og Mads Sundfjord.
Karoline Finnreite, Andreas Brattebø, Hanna Bakke, Martin Bakke og Mads Sundfjord.

Julestemning for store og små

Åresal, graut, hobbystove og popping av popcorn på bål. Julemessa på Kyrkjetunet var ein suksess.

På kyrkjetunet laurdag var det kø for å koma inn. Det var nemleg tid for julemesse. Ein skulle nesten tru at dette var noko som berre gamle damer liker, men det stemmer nok ikkje. Os sokneråd si julemesse fall i smak for folk i alle aldrar. Inntektene gjekk til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.

Hobbystove

Ulike stasjonar for mellom anna neglelakkering, loddsal, tombola, hobbystove og speidaren var plassert rundt omkring på tunet. 3. Klasse frå Os barneskule hadde vore innom og sunge julesongar for dei som møtte opp. Alette Helle hadde funne seg til rette oppe i hobbystova.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva lagar du?

- Eg lagar julekuler, fortel Alette.

Ho og veslebror Mikal var nokre av dei mange borna som fekk prøva seg på juleverkstaden. Mikal fortel at han helst har lyst å måla eit bilete av julenissen, men også han endar opp med å laga julekule.

Vegard Skaatun kosar seg med graut på kyrkjetunet
Vegard Skaatun kosar seg med graut på kyrkjetunet
Sara Skaatun og Marthe Gaassand har ansvaret for tombolaen.
Sara Skaatun og Marthe Gaassand har ansvaret for tombolaen.
Mange fekk testa kreativiteten i hobbystova.
Mange fekk testa kreativiteten i hobbystova.
Julemessa på Kyrkjetunet samla inn over 100 000 kroner til Barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden
Julemessa på Kyrkjetunet samla inn over 100 000 kroner til Barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden

Popcorn på bål

På plassen utanfor står speidarar og lagar popcorn på bål. Ein lavo er sett opp ved sidan av. Speidarane meiner det er kjekt med julemesse, og veit at mange no har lyst å byrja i speidaren.

- Mange i klassen min har sagt at dei har lyst å byrja, fortel Mads Sundfjord.

I følgje han har det kjekkaste på julemessa vore å spela FIFA inne på ungdomsrommet.