Store mengder regn: Det skal regna kraftig dei neste 48 timane. Særleg onsdag skal det koma mykje.

Kan venta opp til 150 millimeter nedbør dei neste 48 timane

NVE varslar om jord- og flaumskredfare på oransje nivå for heile Vestland fylke.

Det kjem også melding om flaumfare på oransje nivå for delar av Sogn og Hordaland.

Les også
Vegen over Søvikåsen stenger i kveld

Fylkesmannen oppmodar i ei pressemelding kommunane om å etablera kontakt med politiet lokalt, for å gjera vurderingar av moglege konsekvensar og utveksla kontaktinformasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva vil oransje nivå seia? Det er det nest høgste av varslingsnivåa. Meir om dette her.

Det er venta 150 millimeter nedbør i løpet av tysdag og onsdag. Mest intens nedbør er det venta gjennom onsdagen.

Meteorologisk institutt har oppgradert farevarselet for regn til oransje nivå. Dette gjeld Hordaland og Sogn. Farevarselet gjeld den mest intense nedbørsperioden, som nemnd over.