Thomas Wallin-Andersen og kona Nina har trena mykje med pulk før årets Expedition Amundsen. Her i finvêr på Falketind på Hardangervidda. (Privat foto)
Thomas Wallin-Andersen og kona Nina har trena mykje med pulk før årets Expedition Amundsen. Her i finvêr på Falketind på Hardangervidda. (Privat foto)

Klar for å ta tilbake trona

- Eg har aldri trena meir med pulk enn eg har gjort denne vinteren. Det er på tide å ta tilbake Amundsen-trona, humrar Thomas Wallin-Andersen.

43-åringen frå Os har gått kvar einaste utgåve av det såkalla Amundsen-racet sidan det første gong vart arrangert i 2010. Ikkje ein einaste gong har han falt utanfor sigerspallen.

- Fasiten er fire sigrar og tre andreplassar. Det er jo ikkje så verst det, men ein kan ikkje fri seg frå at det er sigrane som tel, ler Wallin-Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegvisaren

For uinnvidde er Expedition Amundsen altså eit skirenn der deltakarane må gå med pulk. Distansen dei går er 100 km - frå Haukeliseter til Maurset. Vekta på pulken skal vera 40 kg i det dei kryssar mållina i skilandsbyen ovanfor Eidfjord.

- Det er eit vanvittig tøft skirenn. Hardt og tungt på alle måtar, men eg har på eit eller anna vis også litt talent for dette. Elles hadde eg vel ikkje stilt opp år etter år, humrar Wallin-Andersen.

Før fjorårets renn frykta han at nye, sterke deltakarar berre ville følgja i spora hans. Frykta var berettiga.

Thomas Andersen foreviga med hovudlykt under fjorårets race.
Thomas Andersen foreviga med hovudlykt under fjorårets race.
Under det 10 mil lange skirennet frå Haukeliseter til Maurset må deltakarane trekkja pulk som veg minst 40 kg. Her er Thomas i full fart over Åmotsvatn på Hardangervidda.
Under det 10 mil lange skirennet frå Haukeliseter til Maurset må deltakarane trekkja pulk som veg minst 40 kg. Her er Thomas i full fart over Åmotsvatn på Hardangervidda.
Dersom Thomas skal klara å stikka av frå dei som berre vil følgja i hans spor, må han håpa på ruskevêr som her på treningsturen i Vivassdalen.
Dersom Thomas skal klara å stikka av frå dei som berre vil følgja i hans spor, må han håpa på ruskevêr som her på treningsturen i Vivassdalen.

- Det er som ein fellesstart i langrenn. Det er som regel ikkje dei som gjer drajobben som vinn.

Thomas kan ruta frå Haukeliseter til Maurset i blinde. Osingen leia heile vegen til han like før mål vart forbigått av tidlegare landslagsutøvar i langrenn, Trygve Markset.

- Unge gutar med landslagserfaring er vanskeleg å halda unna for. Det vart med andreplass i fjor, sukkar osingen.

Hardingløpet for tredje gong

Årets utgåve av det ti mil lange rennet startar 3. mars. Når den tid kjem, vil Thomas vera i sitt livs langrennsform.

- Eg vert jo ikkje yngre med åra, så einaste sjansen eg har til å gjera det betre, er å trena meir. Denne vinteren har eg gått Hardangarvidda på kryss og tvers så ofte eg har kunna. Forma er veldig bra, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare denne veka gjekk han frå Finse til Odda. Med seg på turen hadde han kona Nina Wallin-Andersen.

- Me har trena ein del i lag denne vinteren. I år skal nemleg ho også vera med på Amundsen Race, fortel han.

Seinare i vinter er Thomas klar for tredje utgåve av ultra maraton skirennet Hardinglaup - frå Øystese til Voss.

- Distansen er 54 km, men løypa er svært kupért, så det er eit rimeleg krevjande renn, forklarar Thomas.

I fjor enda han på tredjeplass. Vinnar vart Stoltze-kongen Thorbjørn Ludvigsen.

Forserte alpetoppar i fjor

Elles har Thomas framleis ikkje klart for seg kva det blir med satsinga på ultratrail-løping denne sommarsesongen.

- I fjor prioriterte me å dra på fjelltopp-ekspedisjonar i Alpane. Denne sommaren vert det nok meir løping, men nett kva eg skal få med meg og kvar, er ikkje heilt fastlagt endå, seier han.

- Men springing blir det?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det er jo det eg likar - både hobby og lidenskap, seier 43-åringen, som elles livnærer seg som byggmeister.