Kart: N/A

Kokevarsel for Eikelandsosen og nærliggande område er oppheva

Opphevinga gjeld frå kl 14 i dag, torsdag.

Den lange tørkeperioden i vinter førte til lite vatn i Eikelandsosen og Holdhus vassverk, skriv kommunen på si heimeside.

Løysinga vart å fylla opp med vatn frå Skjelbreidvatnet, og senda ut varsel om koking av vatnet til alt frå drikke, tannpuss og matlaging.

Artikkelen held fram under annonsen.

No viser vassprøvar at kokevarselet for Eikelandsosen og nærliggande område kan opphevast frå i dag, torsdag 25. februar klokka 14.

Kva med Holdhus?

Kommunen ventar framleis på resultatet av vassprøvar frå Holdhus vassverk. Dei som bur i dette området må framleis koka vatnet, men det er håp om å kunna oppheva kokevarselet her i løpet av morgondagen.

Alle abonnentar blir varsla på SMS og/eller e-post.