På festar: - Sjølv om personane er heilt eller delvis vaksinerte, har mange av dei blitt smitta på private festar, opplyser Klaus Melf.

Kommuneoverlegen er bekymra over aukande smittetrend: - Reell fare for ny bølgje

– Dersom trenden held fram, er det ein reell fare for at vi får ei ny smittebølgje ved skulestart.

Det seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Den siste veka er det registrert åtte nye smittetilfelle i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om personane er heilt eller delvis vaksinerte, har mange av dei blitt smitta på private festar, opplyser Melf.

– Det tyder både på at nokre har utvikla eit litt for avslappa forhold til smittevernreglane, og at dei i tillegg har Delta-varianten av viruset, som er svært smittsam, seier utdjupar han.

Han påpeikar at vaksinen beskyttar godt mot koronasmitte, og svært godt mot alvorleg sjukdomsforløp.

– Difor er det viktigaste tiltaket at så mange som mogleg tar vaksinen, understrekar kommuneoverlegen.

Framleis er nesten 50 prosent i aldersgruppa 25-39 år og 25 prosent i aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år uvaksinerte.

– I Bjørnafjorden kan alle som fyller 18 år i år eller er eldre bestilla time for vaksinasjon. Dersom du ikkje har tatt dose 1 enno, vil eg på det sterkaste oppmoda deg til å gjera det no, legg han til.

Elles minnar Melf om at dei same råda gjeld: Hald avstand, hald hendene reine, hald deg heime og ta test ved symptom.

– Munnbind har først nytte dersom du har symptom, seier Melf.