Terje Søviknes, Frp, ordførar, formannskapsmøte, 4. september 2025
Ordførar Terje Søviknes heidrar Kong Harald.

– Kong Harald gjorde ei fantastisk kongegjerning for Noreg

— Det er med stor sorg me mottek bodskapen om at han no er gått bort.

Publisert Sist oppdatert

Ordføraren i Bjørnafjorden, Terje Søviknes, seier det er ein stor konge som no har gått ut av tida.

– Kong Harald var ein enormt fin konge. Han gjorde ei fantastisk kongegjerning for Norge i mange år, og det er med stor sorg me tek bodskapen om at han no er gått bort, seier Søviknes fredag.

Han hadde gleda av å møta Kong Harald fleire gonger.

– Eg sat som minister i to år, og då møtte eg han jamleg i statsråd. Men også elles har eg hatt gleda av å helsa på kongen ved ulike høve, seier Søviknes.

Han trekkjer fram Kong Haralds folkelege tilnærming til dei han møtte.

– Han hadde svært god humor og var veldig glad i å prata med folk om daglegdags ting. Sjølv hadde eg fleire gonger gleda av å prata med han om heilt trivielle ting, som fisking, fortel Søviknes.

Powered by Labrador CMS