Oppretta sak: Det blei tatt blodprøve på legevakta og oppretta sak grunna mistanke om ruskøyring.

Kontrollert for merkeleg køyring. Hevda dei var på flukt

Stansa par frå Austlandet.

Like før midnatt torsdag vart ein mann og ei kvinne stansa og kontrollert «for merkeleg køyring».

Paret var frå Austlandet og dei påstod at dei hadde flykta frå ein kjend romfamilie, som var etter dei, skriv politiet i ein epost.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet opplyser at mannen som var sjåfør, blåste til 0,0.

Det blei tatt blodprøve på legevakta og oppretta sak grunna mistanke om ruskøyring.

Mannen ønskte ikkje å forklara seg.

Paret vart dimmitert.

Tidlegare torsdag kveld blei ein bil avskilta grunna ikkje godkjend kontroll innan fristen for periodisk kontroll.

Same dag blei ein moped avskilta aust for sentrum, grunna manglande omregistrering.