Camilla Kvamme, tv. Os&FusaTV
Journalist Camilla Kvamme gjev deg nokre av dei viktigaste sakene som skal behandlast denne veka.

Hektisk møteveke:

Korleis skal dette reknestykket gå opp?

Fleire viktige saker står på den politiske agendaen dei neste dagane.

Hotell-planane ved Oseana. Omfattande utbyggingar. Store utfordringar i helsesektoren og forslag om ein ny sjukeheimsmodell.  

Dette er berre nokre av sakene som vert behandla politisk denne veka. 

Korleis skal regnestykket gå opp?

Fram mot 2050 vil talet på personar over 80 år nesten tredobla seg i Bjørnafjorden. Samtidig er driftsutgiftene for høge, og det er vanskeleg å få tak i nok arbeidskraft. Korleis skal regnestykket gå opp? I formannskapsmøtet på torsdag vert ein ny modell for sjukeheimane i kommunen presentert.

Sjå sendinga her frå torsdag kl 9:

Utbygginga i Lysefjorden

Utbyggingsplanane i Lysekloster-området er mange. Det er venta stor tilflytting til området, men barnehagen er full. 

Har kommunen råd til å byggja ny barnehage når den økonomiske situasjonen er som han er? 

Sjå tysdagens tenesteutvalet i opptak her:

Hotell-planane

Mange har reagert på hotellplanane som er i ferd med å ta form på Mobergsneset. I forbindelse med at reguleringsplanen skal handsamast for første gang, har naboane søkt om å få henga opp eit segl, som viser kor høgt hotellet blir, men fått avslag. 

Onsdag var planutvalet på synfaring.

Møtet i planutvalet onsdag er per no ikkje tilgjengeleg i opptak på kommunen sine heimesider.



Powered by Labrador CMS