Våre sambygdingar: – Dei er våre sambygdingar som vi vil det beste for, etter at dei har vore gjennom traumatiske opplevingar på flukt, skriv Jakob Enerhaug og Bjørnafjorden KrF.

Kritisk til utsendinga av Dur Ali Sherzad (72): – I denne saka kan me ikkje sitja stille og teia

Bjørnafjorden KrF har kome med uttale i Dur Ali Sherzad-saka etter sitt årsmøte onsdag.

Bjørnafjorden KrF reagerer på avgjerda om å senda 72-åringen Dur Ali Sherzad med sterk trong for helsehjelp tilbake til Afghanistan, etter at «han endeleg har kome saman med familien sin igjen på ein trygg stad»

– Dei er våre sambygdingar som vi vil det beste for, etter at dei har vore gjennom traumatiske opplevingar på flukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kona til Dur Ali Sherzad og to døtrer kom hit tidlegare, og har fått opphaldsløyve i Noreg. Dur Ali kom bort frå familien under flukta, men slutta seg til familien i Noreg etter fleire år på flukt. Han har søkt asyl, men fått avslag på humanitært grunnlag og på søknaden om familiegjenforeining.

– Vi er kjende med Noreg sin restriktive innvandringspolitikk, men når det å få talet på innvandrarar ned, blir viktigare enn menneska det gjeld, kan vi ikkje sitja stille og teia. I eit vedtak frå januar 2019 heiter det at fleirtalet i Utlendingsnemnda (UNE) meiner det føreligg sterke menneskelege omsyn, men at «avveiningen mot innvandringsregulerende hensyn tilsier at oppholdstillatelse ikke gis». Årsmøtet i Bjørnafjorden KrF tek avstand frå avveiningane som er gjort, der menneskelege omsyn og omsyn til familien vert sett vekk frå, skriv partiet i uttalen.

Les også
Opprop til stønad for Dur Ali Sherzad

- KrF er eit parti som kjempar for einskildmenneske og for familien, og vi oppmodar partiet vårt sentralt, gjerne saman med andre parti, til å bruka dei politiske kanalane til å støtta Dur Ali Sherzad sin søknad om opphaldsløyve i Noreg, heiter det vidare.

Les også
Slik svarer utlendingsmyndigheitene på kvifor 72-åringen har fått avslag på søknaden sin