Bjørnafjorden Arbeidarparti, her representert ved Linda Kjosaas, reagerte sterkt då dei las saka om Dur Ali Sherzad, som no skal sendast ut av Noreg.

Opprop til stønad for Dur Ali Sherzad

Det gjorde vondt å lese saka i Os og Fusaposten den 8. februar om sambygdingen vår, den 72-år gamle Dur Ali Sherzad som no har fått avslag på søknad om asyl trass i at heile familien hans bur i Noreg, skriv Linda Kjosaas og Tone Hepsøe i Arbeidarpartiet.

Akkurat no sit det ein familie på Os som ventar i frykt på at bestefar som er pleietrengjande skal sendast ut av landet. Det er ikkje ein verdig alderdom, skriv Tone Hepsøe (på biletet) og Linda Kjosaas i dette innlegget.

Det gjer uendeleg vondt å tenkje på at ein eldre mann med store fysiske og psykiske helseplager, og traume frå krig og flukt skal sendast vekk frå den einaste familien han har, frå tryggleik og omsorga og tilbake til eit land der det framleis er krig og der han ikkje har familie eller moglegheit for å få den behandlinga han treng.

Les også
Dur Ali (72) brukte seks år på å flykta til familien i Noreg. No skal han sendast tilbake

Os og Fusaposten skriv at «i UNE sitt avslag frå januar går det fram at fleirtalet i nemnda meiner at det ligg føre sterke menneskelege omsyn». Vidare står det i vedtaket at avveginga mot innvandringsregulerande omsyn tilseier at opphald ikkje kan givast. Er det slik at regjeringa sitt politiske mål om lågare innvandring trumfar ei rettvis og menneskeleg saksbehandling? For sjølv om nemnda er klar på det ligg føre sterke menneskelege omsyn, så er ikkje den faglege vurderinga i seg sjølv god nok for å innvilga opphald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slik svarer utlendingsmyndigheitene på kvifor 72-åringen har fått avslag på søknaden sin

Dette er ikkje berre ein tragedie for Dur Ali Sherzad og familien, men i aller høgaste grad ein tragedie for Noreg som i sin iver etter å visa til ein streng innvandringspolitikk set til sides klare menneskelege omsyn.

Akkurat no sit det ein familie på Os som ventar i frykt på at bestefar som er pleietrengjande skal sendast ut av landet. Det er ikkje ein verdig alderdom.

Tone Hepsøe og Linda Kjosaas (medlemmar av kommunestyregruppa til Bjørnafjorden Arbeidarparti) på vegner av Bjørnafjorden Arbeidarparti