Nærkontaktar: Nær halvparten av elevane på 10. trinn er rekna som nærkontaktar til den smitta eleven.

Lærarar og elevar i karantene etter nytt smittetilfelle på skule

Ein elev på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Som følgje av dette må nær halvparten av elevane og sju lærarar på trinnet vera i karantene fram til og med 21. november. Det opplyser kommunen laurdag.

Ikkje alle på trinnet må i karantene

Nær halvparten av elevane på 10. trinn er rekna som nærkontaktar til den smitta eleven. Dei øvrige elevane på trinnet er ikkje i karantene, men alle vil likevel få digital heimeundervisning neste veke, heiter det på heimesida til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen elevar på 10. trinn på Nore Neset ungdomsskule skal difor møta fysisk på skulen neste veke, vert det presisert.

Kommunen og rektor ved Nore Neset ungdomsskule følgjer opp den smitta eleven, elevane på trinnet og dei tilsette.

Føresette til alle nærkontaktane har laurdag blitt oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.

Les også
Her er dei i gang med testing i Eikelandsosen igjen
Les også
Tilsett ved legekontor i Bjørnafjorden har fått påvist covid-19

– Alle andre møter som vanleg på måndag

Det er ifølgje kommunen ingen grunn til å tru at elevar eller tilsette på dei andre trinna ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet, og dei kan difor møta på skulen som vanleg på måndag.

Ordførar Trine Lindborg opplyser at testen er tatt i ein annan kommune, og resultatet blei difor ikkje formidla til kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune. Dei føresette til den smitta eleven informerte sjølve skulen.

Smittevegen er kjend, og har ikkje samanheng med andre covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune.

- Vi har hatt mange smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune denne veka. Dette påverkar oss alle, på ein eller annan måte. Når smitten råkar i skular og barnehagar, blir ekstra mange påverka fordi dei må i karantene. Eg forstår at mange kjenner på uro. Det er svært viktig at vi held fram med å følgja smittevernreglane. Men det er òg svært viktig at vi er greie med kvarandre og tar vare på kvarandre i tøffe tider - det gjeld både ungdom og oss vaksne, uttalar Lindborg.

Les også
Sju tilfelle på éin dag: - Kan verka voldsomt, men godt å sjå at systema fungerer
Les også
Elev på 3. trinn har fått påvist smitte