Fokus på Hegglandsdalsvegen: Politiet har fått fleire tips om stygg køyring på Hegglandsdalsvegen. Her frå ein kontroll UP hadde på strekket tidlegare i år.

Laserkontroll ved barnehage: Fire bilistar køyrde for fort

Politiet har sagt at dei vil ha fokus på fart på Hegglandsdalsvegen. Måndag kveld gjennomførte dei nok ein kontroll.

Politiet har fått mange klager på køyringa på Hegglandsdalsvegen. Politioverbetjent Anne Lyssand har tidlegare sagt at dei kjem til å ha fokus på køyringa på dette strekket. Måndag kveld stilte ein lokal patrulje seg opp ved Borgafjell barnehage.

– Det blei skriven ut fire forenkla førelegg. Høgaste fart var 67 km/t, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fartsgrensa på staden er 50 km/t.

Tidlegare i mai blei tre personar tatt i gjennomsnittsmåling på vegen. Dagen etter var politiet tilbake på staden. I april stod UP oppstilt litt lengre inn i Hegglandsdalen. Då Os & Fusaposten var på staden, skreiv dei ut den femte bota så langt. Tone Linn Knutsson fortel at ho dagleg ser «galskapen» på Hegglandsdalsvegen frå kjøkenvindauget på Hjelle. Politiet sa tidlegare i år at dei har to tiltak som skal hjelpa på trafikktryggleiken i området. Eit av dei, er å halda fram med å ha kontrollar.