For andre året på rad blir det arrangert trafikksikringsdag for 1. klasingane i Os i Lidl-bygget. (Arkiv
For andre året på rad blir det arrangert trafikksikringsdag for 1. klasingane i Os i Lidl-bygget. (Arkiv

- Lidl-bygget er ideelt for dette

Torsdag ventar ein spanande kveld for 1. klassingane i Os kommune. I eit stummande mørkt Lidl-bygg skal dei læra om refleksbruk.

- Me køyrer på med same opplegget som i fjor, fortel teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

Det er trafikksikringsutvalet i kommunen som står bak «Trafikksikringsdagen». Med seg på laget har dei Os lensmannskontor, Bjoarvik Trafikkskule og Os brannvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fokus på refleksbruk

- Eg har inntrykk av at elevane syntest dette var veldig kjekt i fjor. Det blir eit kort og intensivt program for elevane, som er delte i tre grupper. Temaet er: Bruk refleks, sjå og bli sett. Lidl-bygget er ideelt for dette, fordi ein kan sløkka alt av lys, og det ein blir ikkje forstyrra av gatelys, seier Kramer.