Det er mellom anna viktig å skifta regelmessig på senga, og ikkje ha det for vamt på soverommet, for å unngå uønskte gjestar som husstøvmidden.
Det er mellom anna viktig å skifta regelmessig på senga, og ikkje ha det for vamt på soverommet, for å unngå uønskte gjestar som husstøvmidden.

Liker du ikkje kulda? Det gjer ikkje desse uønskte sengekompisane dine heller

Ei god gjennomlufting av sengetøyet i kulda, kan ta knekken på både husstøvmidden og avføringa deira.

– Husstøvmidd døyr etter eit døgn med 18 minusgrader, men det er lurt å lufta sengetøyet i kulda uansett kor mange minusgrader det er. Ligg temperaturen litt høgare, er det berre å lata dyna liggja ute nokre timar til, seier Preben Ottesen i Folkehelseinstituttet til NRK.

Allergi

Problemet med husstøvmidden er ikkje midden sjølv, men avføringa. Norges Astma- og allergiforbundet skriv at tidlegare undersøkingar frå både Noreg og Danmark viser ein førekomst av middallergi i befolkninga på om lag 14 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Restane av daude midd og all avføringa dei har produsert, blir igjen på soverommet i lang tid. Difor er det ekstra viktig å støvsuga madrassen og å lufta dyna, seier Kent Hart i Norges Astma- og Allergiforbund til NRK.

Symptom på middallergi er tett og rennande nase, særleg om natta. Allergiske augereaksjonar og atopisk eksem kan også finnast.

Middreduserande tiltak

Norges Astma- og Allergiforbund har laga ei liste over middreduserande tiltak:

* Unngå bruk av kjemikaliar som kan innehalda irritantar, for å fjerna midden.

* Skift sengetøy kvar veke eller etter behov.

* Syt for god utlufting. Romtemperaturen på soverommet bør liggja under 18 grader.

* Unngå støvsamlarar som kosedyr, opne hyller og heildekkjande teppe.

* Det er lurt å lata senga stå uoppreidd i nokre timar slik at fukt vert lufta ut frå madrass og sengetøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Om ein kan halda luftfukt under 40 % RF i tre månaders tid i vinterhalvåret, plar midden å døy ut.

* Ikkje bruk vifteomnar eller liknande som bles støvet opp i lufta.

* Kosedyr bør av og til få ein omgang i vaskemaskinen på 60 grader.