Tung avgjerd: Det er ingen tvil om at det er ei tung avgjerd for Linda Andersen og dottera Hanne Catrine Andersen.

Linda og dottera Hanne måtte ta svært tung avgjerd. Men dei har begge innsett at helsa må koma først

Har bestemt seg for å selja livsverket sitt.

Det er ingen tvil om at det er ei tung avgjerd. Når Linda og dottera byrjar å snakka om dei kjekke tilsette og dei trufaste kundane sine, byrjar tårene å hopa seg opp i augekroken.

– Dei fem første minutta etter at eg har vakna, tenkjer eg framleis at eg kan klara det. For då er eg i alle fall litt utkvilt. Men så kjem eg på kva det inneber, og alle åtvaringane eg har fått frå dei næraste: No må du gi deg. No må du bremsa. Vi er berre menneske, seier Linda Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ein pangstart i 2013

I 1992 opna ho ein liten kiosk på grensa mellom Os og Bergen. Kiosken hadde ope halve året, frå påske til oktober, og selde for det meste soft-is, hamburgarar og pølser. I 2013 bestemte Linda og dottera, Hanne Catrine Andersen, seg for å utvida, og reiste på inspirasjonstur til USA.

– Vi visste at det skulle koma ein ny veg. Vi bestemte oss for å laga ein attraksjon på Søfteland. Dette er jo ein fantastisk stad med ei fantastisk plassering, og når ein vert kvitt tungtrafikken vert det endå betre. Vi gledde oss til den nye vegen skulle opna, seier Linda.

Ho og dottera vitja 50 dinerar, og var så fylt med inspirasjon at dei visste nesten ikkje kvar dei skulle starta då dei kom heim att.

– Vi måtte finna ut korleis konseptet vårt kunne passa inn i eit norsk miljø.

I den gamle kiosken var det fire bord. No såg dei føre seg cirka 60 sitjeplassar. Arkitekten meinte dei måtte ha 80. I dag har dineren på Røykenes plass til 160.

– Tanken var å byggja det opp litt etter litt, men heilt frå vi opna dørene påsken 2013, sa det pang. Vi fekk ein mykje raskare vekst enn vi hadde tenkt. Vi var nok litt uvitande. Vi visste det fanst ein kundebase der, men at det skulle koma så mange med ein gong, og kvar dag, var sjokkerande, vedgår Linda.

Les også
- Dette er enormt svært for meg!
Les også
— Eg føler eg har kjefta på kundane i eit år. Det varmar at det er dei som har røysta oss fram

– Vi er frykteleg dårlege på å gi frå oss ansvar

I tida fram mot jul jobba ho og dottera seg nesten i hel.

– Vi skjønte ikkje kva som trefte oss. Vi sette rekord på rekord og var glade. Suksessen gav oss eit adrenalinkick. Vi var hekta. Men vi hadde ikkje så mykje fritid, seier Linda og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Julaftan 2013 sov eg heile dagen. Eg klarte ikkje å vera vaken i meir enn 10 minutt av gangen, eg var så sliten.

Ho kjente pinekjøtlukta i nasebora, men visste nesten ikkje at det hadde vore jul.

– Vi gjekk frå å ha ope halve året til heilårsdrift utan å ha tenkt så mykje gjennom det. Det er vanskeleg å låsa døra når du veit at det er mange som vil koma. Dessutan er det utfordrande å få fatt i folk som er interesserte i å jobba berre halve året. Det var ei blanding av forpliktingar og ønske om å ha ein stabil arbeidsstokk.

I vinterhalvåret hadde Linda vanlegvis god tid til å henta seg inn igjen, og bruka tid på familie og vener. Slik var det ikkje lenger, og frå 2013 til 2019 arbeidde ho og dottera under eit enormt press.

– Vi tenkte, kva er det vi gjer gale som framleis jobbar oss i hel?

Då dottera reiste til USA for å gå på filmskule og for å arbeida, vart det hyra inn fleire tilsette i kroa. Hanne greidde likevel ikkje å leggja frå seg kjensla av at ho hadde late mora vera igjen «åleine».

– Eg tenkte på det heile tida, seier ho.

– Det har vore så travelt til tider at vi nesten ikkje har hatt tid til opplæring. Dessutan er vi frykteleg dårlege på å gi frå oss ansvar. Det er ein forferdeleg dårleg miks. Vi går i fella med at det er «enklare» å gjera ting sjølv heile tida, vedgår ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seier stopp: – Vi får ikkje til å delegera. Då må vi seia stopp medan vi framleis har litt helse igjen, seier Linda og Hanne C. Andersen som har bestemt seg for å selja Er–An Veikro på Røykenes.
Les også
Er-An blei årets kunde
Les også
Bussen opna på Er-An
Les også
Tek restriksjonane med fatning. Uansett på veg mot 2019-tal

– To jæklige år

I 2019 var det blitt så gale at dei bestemte seg for å få hjelp. Ein konsulent kom inn for å observera det som skjedde på arbeidsstaden. Han konkluderte med at dei måtte bli flinkare til å delegera, og at når arbeidsoppgåver ikkje vart gjort, så måtte det få konsekvensar.

– Vi har eit veldig godt miljø her. Vi er som ein familie. Eg synest det er vanskeleg å setja ned foten. Samstundes har vi ein stoltheit knytt til staden og konseptet, og både eg og Hanne er veldig opptekne av at maten som kundane får servert skal vera av høg kvalitet.

Etter at konsulenten var innom, vart det bestemt at det skulle opprettast ein Er-An-skule, og ein læreplan, slik at dei som vart tilsett fekk skikkeleg opplæring og ei god innføring i både konseptet og korleis kjøkenet fungerer. Det vart også beslutta at Linda og Hanne skulle få leiarar under seg som kunne avlasta.

– Dette var hausten 2019. Tanken var å gå i gang etter vinteren. Vi var veldig optimistiske, fortel dei.

Men så smalt det. Koronaviruset kom til Noreg, og heile landet vart stengt ned.

– Det var heilt uverkeleg. Eg klarar nesten ikkje å setja ord på det, seier Linda.

Dei store planane vart lagt i ei skuff. Hanne og Linda enda opp med å jobba endå meir. No var det berre snakk om å overleva.

– Vi var rett attende i den same fella som vi hadde slite med i sju år allereie. Så lenge vi var friske, gjekk vi på jobb. Det vart lange dagar og mykje uro. Vi var redde for at dei tilsette skulle få viruset. Vi var redde for at gjestene våre skulle få viruset, eller nokon i familien. Dei einaste vi ikkje var spesielt redde for, var oss sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes endra reglane seg frå veke til veke. Det var nasjonale reglar å forholda seg til, og lokale. Bergen hadde nokre reglar, Bjørnafjorden andre. Restauranten på Røykenes måtte ta omsyn til alle.

– Det var to jæklige år. Den vanvittige usikkerheita slit enormt på psyken, slår Linda fast.

Les også
Fryktar for arbeidsplassen: - Du skal selja mange softis for å ta inn ein slik prisauke
Les også
Næringslivet på Søfteland fryktar bompengar: Linda Andersen hadde ei høne å plukka med Sylvi Listhaug og resten av følgjet

Går rundt med forferdeleg dårleg samvit heile tida

Då pandemien endeleg slepte taket i 2022, var dei eigentleg «dødsslitne». Samstundes var pågangsmotet stort, og mor og dotter konkluderte med at «dette skal vi klara». Det var før den neste krisa var eit faktum: Bemanningsproblem, auka straumprisar, auka rente og, ikkje minst, auka matprisar.

– Vi hadde allereie stått i kne i to år. Hadde akkurat fått augo over vassoverflata, då det smalt igjen, seier Linda før ho må ha seg ein liten «time out».

For no røyner det på, reint helsemessig, for dei to gründerane også.

– Alle varsellampene blinkar. Samstundes tenkjer du at du må jobba på. Utgiftene er dei same anten det er folk her eller ikkje. Dei siste månadene har vi gått rundt her som nokre tikkande bomber, begge to. Det har vore ein tøff periode både for oss og dei tilsette, fortel Hanne og Linda.

– Du går rundt med forferdeleg dårleg samvit heile tida. Du veit at dersom det skjer noko med verksemda, så får det konsekvensar for 19–20 tilsette. Dei tilsette er avhengige av ei løn, dei også, legg Linda til.

Les også
ER-AN Veikro går så det grin: Er nøydd å byggja ut

Helsa må koma først

Diskusjonane ho og dottera har hatt dei siste vekene har vore tøffe. Likevel har dei landa på at helsa må koma først, og at det er på tide å selja livsverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har tenkt ekstremt mykje. Det har vore ei ekstremt tøff avgjerd. Det var no når den nye vegen opnar, det skulle begynna. Men vi har rett og slett ikkje helse til å halda fram, seier Linda medan tårene renn nedover kinnet hennar.

– Eg kan krangla med beina og med kroppen min. Men reint psykisk, er det for tøft. Å sjå di eiga dotter jobba så hardt, og at ho er heilt utsliten, ho også, er vanskeleg. Vi har fått beskjed frå vener og familie i lang tid, no er det nok. Det var nok for lenge sidan, slår duoen fast.

Sjølv om dei har bestemt seg for å selja, synest dei det er forferdeleg trist. Det går ut over så mange: Tilsette og trufaste gjester som har besøkt dei igjen og igjen.

– Vi har mange kundar som har lyst å støtta oss, som vil at vi skal halda fram og som har tru på oss. Men eg klarar ikkje meir. Det er heilt umogleg, seier Linda og held fram:

– Eg har alltid jobba mykje. Eg kjenner ikkje til noko anna. Men no nærmar eg meg 60, og eg har eit barnebarn eg knapt nok har sett. Eg har aldri fri når eg har fri. Eg kan ikkje hugsa sist eg var i eit familiebesøk. Eg har lyst å bruka meir tid i lag med familien min.

Håpar nokon vil ta over draumen deira

Mor og dotter har arbeidd litt i kulissene med å finna andre eigarar, men er ikkje i mål.

– Den største draumen min er at nokon skal ta over draumen vår. Det er heilt klart behov for staden sjølv om vi ikkje klarer å ta det vidare. Er-An Veikro er eit spesielt konsept med ein stor kundemasse. Å driva butikk her er ingen problem. Det er helsa det skortar på, understrekar Linda.

Ho trur ikkje den nye bomstasjonen kjem til å få så store konsekvensar for verksemda, i alle fall ikkje på sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert nok ein nedgang i starten, men etter ei stund har kundane gløymt det. Storparten av dei som kjem innom, kjem av di dei ønskjer å vitja oss, seier ho.

Den siste dagen med ho og dottera i førarsetet, vert etter planen 31. oktober. Linda understrekar at dei er glade for kvar einaste gjest som kjem innom dei neste månadene, men er klar på at dei ikkje ønskjer å diskutera stoda med dei alle.

– Vi ber om forståing for det. Det er ein tøff periode vi går inn i. Vi tek éin dag av gangen, og nokre gongar berre ein halv, seier ho.