Butikkeiar Monika Nord stolt bak kassen i det nye lokalet.
Butikkeiar Monika Nord stolt bak kassen i det nye lokalet.

Lystig ny-opning på Lysthuset

Måndag kunne Monica Nord invitera til nyopning av Lysthuset ved Amfi Os - i eit lokale ho lenge har drøymd om å overta.

Oppussinga har gått føre seg dei to siste vekene. Butikksjef Monica Nord og to blide tilsette kunne måndag ynskja nye og gamle kundar velkomne.

Frå nettbutikk til ny-opning

Monica Nord starta butikken Lysthuset i november 2006. Til hausten er det altså 10-års-jubileum for livsstils-butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Monica starta med å selja blant anna barneklede og interiør, men fann raskt ut at det var vaksenkleda som selde mest. I dag sel ho mest av dette, men butikken er likevel full av andre livsstils-produkt.

Nord hadde erfaring frå ein interiørbutikk som ho dreiv på nett før ho starta Lysthuset på Amfi. Denne røynsla har ho teke med seg inn i Lysthuset-konseptet som no også er på nett.

Større plass

Nord hatt lyst på lokala ho no kan ynskja velkomen til. Lysthuset fått større plass slik at dei kan vise fram fleire varer, og kundane kan vandra rundt i butikken på ein annan måte enn tidlegare.

Anna Lekven Kolskogen og Karen Marie Curran
Anna Lekven Kolskogen og Karen Marie Curran

- Endeleg kjem barnekleda betre fram. Det var mange som ikkje visste at eg hadde det eingong, smiler ho.

Ny-innflyttinga har òg gitt moglegheit til sal av andre merkevarer enn før, og Nord fortel at dei vil snart byrja å selja bl.a. det merket Filippa K.

For augneblinken veit ikkje Nord kven som skal ta over det gamle lokalet hennar, men ho kjennet til at fleire skal vera interesserte.